Bakgrunn og mandat
Kommunestyret i Sauda har vedteke å setje i gang eit prosjekt for utgreiing av ein felles barneskule. Arbeidet skal byggje på vedtekne prinsipp og føringar for vidare utvikling av oppvekstsektoren i kommunen.
Prosjektet skal gi eit breitt og fagleg godt grunnlag for å vurdere om ein felles barneskule er ei framtidsretta løysing for Sauda.
Kva skal greiast ut?
I prosjektet skal det mellom anna vurderast:
- Ulike alternativ for løysingar og plassering av nytt skulebygg
- Ulike kostnadsnivå (låg, medium og høg standard)
- Etterbruk av eksisterande skulebygg og anlegg
- Kostnader og tiltak for å sikre trygg skuleveg
- Løysingar for idrettsareal knytt til eit eventuelt nybygg
Kommunestyret har peika på følgjande tomter som skal vurderast vidare: Fløgstad skule, Austarheim skule og Veslefrikk/"Hestasportbanen."
Føringar for vidare arbeid
Det er lagt til grunn at ein felles barneskule skal dimensjonerast for om lag 350 elevar, med moglegheit for utviding til 400 elevar. Utearealet skal vere på om lag 50 m² per elev.
I det vidare arbeidet skal det leggjast til rette for fleksible løysingar. Det skal planleggjast gymsal dimensjonert etter behovet for ein felles barneskule. Det skal ikkje arbeidast vidare med fleirbrukshall i tilknyting til prosjektet.
Vidare prosess
Forprosjektet skal leggjast fram som eiga sak for kommunestyret før det eventuelt vert teke ei investeringsavgjerd.
Dersom kommunestyret vel å gå vidare, vil neste steg vere prosjektering og innhenting av meir presise kostnadsoverslag. Før endeleg gjennomføring vil prosjektet bli lagt ut på anbod, og kommunestyret vil ta stilling til vidare framdrift basert på dei økonomiske rammene.
Kommunestyret har også bede om jamlege oppdateringar undervegs i arbeidet.
Samanheng med andre prosjekt
Arbeidet med framtidas oppvekst skal sjåast i samanheng med prosjektet «Framtidas helse og velferd». Prosjekta vert køyrde parallelt for å sikre heilskaplege vurderingar av kommunen si framtidige infrastruktur og tenestetilbod.
Rapport ein felles barneskule (kjem)