Kor trygge er skulevegane i Sauda? Ei vurdering av trafikksituasjonen rundt skulane viser at dei fleste lokasjonane har gode føresetnader, men at målretta tiltak kan gi ein endå tryggare kvardag for elevane.
Rapporten gir ei overordna vurdering av skulevegar og trafikksikkerheit rundt dagens skular i Sauda kommune, samt ved ei mogleg samlokalisering.
Analysen viser at alle lokaliseringar, med unntak av Risvoll skule, har relativt like føresetnader for trygg skuleveg og god trafikkavvikling, og at utfordringar i stor grad kan løysast med enkle tiltak.
Særleg blir det peikt på behov for betre tilrettelegging for mjuke trafikantar, etablering av droppsoner i avstand frå skuleområda og mogleg ny gangbru for å betre tilgjenge og tryggleik.
Rapporten foreslår konkrete tiltak for å betre tryggleiken for elevane.
Les heile rapporten her. (PDF, 691 kB)
Publisert 20.04.2026 09.48
Sist endret 20.04.2026 09.53