Samla faglege vurderingar frå AFRY, Framtidas oppvekst fase 2

Rapporten gir ei samla framstilling og vurdering av framtidige løysingar for barnehage- og skulestrukturen. Med utgangspunkt i funksjonelle behov, byggteknisk tilstand og økonomiske rammer, peikar rapporten på kva alternativ som framstår som mest føremålstenlege og kostnadseffektive.

Kommunen har utarbeidd ein heilskapleg rapport som vurderer ulike alternativ for utvikling av barnehage- og skulestrukturen. Rapporten byggjer på analysar av funksjonelle krav, byggtekniske forhold og økonomi, og gir eit fagleg grunnlag for vidare politiske vurderingar og prioriteringar. Målet er å sikre gode og berekraftige løysingar for barn og unge i kommunen, både på kort og lang sikt.

Sjølv om oppdraget til AFRY ikkje har vore å gi ei konkret tilråding om framtidig skulestruktur i Sauda kommune, har dei likevel peika på ei fagleg anbefaling basert på vurderingar av byggtekniske forhold og økonomi. Norconsult har tidlegare gitt si faglege tilråding med utgangspunkt i kvalitetskriterium. Begge konsulentfirmaa peikar i same retning i sine vurderingar.

Med dette har konsulentfirmaet levert alle sine rapportar til kunnskapsgrunnlaget.

Kva skjer vidare nå?

Kommunestyret får eit kunnskapsgrunnlag til orientering i juni-møtet. Det er sett av midlar i 2027 og 2028 til ein fase 3 i prosjektet Framtidas oppvekst. Det er kommunestyret som definerer kva innhaldet i fase 3 skal vere.

Samla rapport barnehage og skule, fase 2 (PDF, 533 kB)

Oppsummering alle kostnader (PDF, 254 kB)