Innskriving i grunnskulen

Barna skriv seg inn i skulen ved skulestart til 1.klasse, og ved flytting til Sauda.

Innskrivingsskjema 

Barnet skriv seg inn i den skulekrinsen barnet bur i. 

Informasjon om innskriving til 1.klasse:

  • I januar kvart år kjem det annonse i lokalavisa og på heimesida med informasjon om innskriving i grunnskulen. 
  • Skulane får informasjon om eleven frå Folkeregisteret. Personalia blir henta inn i skuleadministrasjonsprogrammet.
  • Alle skulane har ein felles dag der elevane kan få koma på besøk til skulen for å skriva seg inn. Høver det ikkje med besøk denne dagen, kan føresette ta kontakt med rektor ved den aktuelle skule.
  • På sjølve besøksdagen møtar de opp på skulen, og ventar på tur.
    Skulane vil be om e-postadresse og telefon til føresette som framover skal ha informasjon frå skulen. 
  • I forkant av besøksdagen ber me alle føresette fylle ut skjema om helseopplysningar for eige barn. Skulane er pålagt å ha ei rutine som sikrar at føresette får gi opplysningar som me skal ta omsyn til i opplæringa.
  • Barnehagane og skulane i Sauda samarbeidar for ein mjuk og god overgang til skulestart.
  • Unntaksvis kan det søkjast om at barnet kan gå på ein annan skule, enn dei vedtekne skulekrinsane. Aktuell grunngjeving kan vere at ein skal flytte til den aktuelle krinsen, til dømes innan 1-2 år, og/eller at det er andre særlege forhold som opplysast om i søknad.

 

Barn/unge frå andre klassetrinn som flyttar til Sauda, fyller også ut innskrivingsskjema. 

Me ber også om at de tar kontakt med rektor ved den aktuelle skulen for innskriving utanom til 1.klasse.