Eit konstruktivt og godt samarbeid kan vere ei god hjelp til å bli betre. Ei skriftleg klage er grunnlag for eit systematisk arbeid med å undersøkje og følgje opp.
Er du misnøgd med tilbodet ditt barn/ungdom får vil me gjerne vite om dette så snart som mogleg. Me kan ikkje gjera noko med det me ikkje veit om.
Dette kan bli gjort på to måtar:
1. Gi innspel/forslag til forbetringar
- Drøft saka og dine forslag med kontaktlærar. Kontaktlærar vil saman skuleleiing vurdera innspela, og gi deg ei tilbakemelding.
- Eventuelt kan du gi innspel til rektor. Rektor må drøfta innspela med aktuelle lærarar.
- Gjeld innspela dine ein annan lærar eller vaksne, tar du kontakt med rektor. Rektor vil gi innspela vidare, eller oppretta kontakt mellom føresette og den aktuelle lærar for vidare samarbeid.
2. Klage på opplæringa
- Me ønskjer skriftlege og begrunna klager, slik at me kan handtera dei på ein god og rett måte jamfør forvaltningslova.
- Treng du hjelp til å skriva, kan du be skulen om hjelp.
- Rektor vil handsama klaga.
- Du vil få eit skriftleg svar innan 3 veker.
- Gjeld klaga rektor, vil kommunalsjef for oppvekst og kultur handsama denne.
- Av svarbrev vil det koma fram klagerett.
Link til skjema for skriftleg klage
Gjeld klagen det psykososiale læringsmiljøet, gjeld andre lovkrav til oppfølging. De kan bruke same skjema.
Her finn du meir informasjon om klage på psykososialt miljø
Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 24.11.2024 19.14