Melde flytting

Elevar blir automatisk meldt inn i den skulekrinsen dei høyrer til, basert på bustadadresse. 

Skal de flytte til ein annan skulekrins i Sauda, eller til ein annan kommune, skal det alltid meldast frå om flytting. Som hovudregel går eleven på den skulen som ligg nærast heimen.

  1. Dersom de ønskjer at eleven skal ha skuleplass ved ein annan skule enn den skulekrinsen eleven høyrer til, må de snarast mogleg sende søknad om dette. Det må liggje føre særlege grunnar for at eleven skal få plass ved ein annan skule. Kvar søknad blir vurdert individuelt. Søknad sendast post@sauda.kommune.no.
  2. Skal de flytte til ein annan skulekrets lokalt i Sauda, eller til ein annan kommune, ber me om at de fyller ut flyttemelding så snart som mogleg, sjå under.
  3. For å gjera overgangen til ny skule så god som mogleg, ber me om samtykke til å få dela informasjon som kan vera nyttig for ny skule å kjenne til. De gir samtykke til dette ved å krysse av for «gi informasjon» i dokument skriftleg samtykke. Sjå under.
  4. Noverande kontaktlærar vil ta kontakt med føresette for å drøfta kva informasjon som kan vera nyttig å gi til ny skule. Eleven skal også få uttala seg om kva informasjon som skal bli gitt vidare. Det skal vera semje mellom skule, elev og føresette om informasjon som skal bli gitt vidare.

 

Link til skjema for å melde flytting

Skjema for skriftlig samtykke