Foreldrebetaling

Det er friplass (gratis) i SFO 12 timar i veka for barn i 1. , 2. og 3. klasse. Ein kan betale for opphaldstid utover denne tida.

Ingen familiar skal bruka meir enn 6% av inntekta si på ein SFO-plass. For meir informasjon, sjå Forskrift om endring i forskrift til opplæringslova - Lovdata (§1B-1). 

For å halda sikre gode og effektiv bruk av bemanning, vil personalet ha tett og god dialog med føresette om behov for opphaldstid i feriar og fridagar, og tilpasse opningstid etter behov.

Betalingssatsar SFO, Sauda kommune

Gjeldande ut skuleåret;

  • SFO er gratis for elevar i 1. - 3.klasse 12 timar i veka. 


Gjeldande satsar for 4. klasse: 

Meir utfyllande informasjon om dette finn du på denne sida: Versjon 4 Kommunale avgifter og betalingssatser 2026.xlsm

Søskenmoderasjon

  • Det blir gitt 30 % reduksjon for barn nr. 2 og 50 % reduksjon for barn nr. 3 og fleire barn.
  • For familiar som har barn både i barnehage og SFO gjeld tilsvarande moderasjonsordning både i barnehage og SFO. (På tvers av tenestene.)
  • Moderasjonen kjem til fråtrekk på SFO-betaling.
  • Søskenmoderasjon gjeld berre dei med fast plass. 

 

Rett til redusert foreldrebetaling

  • Barn med varig nedsett funksjonsnivå har i Sauda kommune rett til gratis opphald i SFO også frå 1. - 4.klasse. Det er PPT som gjennom sakkunnig vurdering vurderer funksjonsnivå. 
  • Ingen familiar skal bruka meir enn 6 % av familien si inntekt på ein SFO-plass.
    • Er familien si samla inntekt under 476.667 kroner, kan ein søke om redusert foreldrebetaling for SFO. Føresette må sjølv søke om dette. 
      • Dette gjeld om ein søker heil plass.
    • Innslagspunkt for redusert foreldrebetaling blir justert etter kva tilbod ein nyttar seg av.
      • Ein kan få redusert betaling ved lågare årsinntekt enn nemnt over om ein søker redusert SFO-plass. (60 % eller 80 % plass.)
  • NB! Føresette må sjølv søkja om redusert betaling.
    • For å få redusert betaling for heile SFO-året er søknadsfristen 1. august.
  • Desse kan søke om redusert betaling:
    • Om foreldrebetaling for ein SFO-plass/år utgjer meir enn 6 % av inntektene til hushaldet (familien) det siste året, eller
    • det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet (familien) inneverande år, som gjer at foreldrebetalinga for eit skuleår utgjer meir enn 6 % av inntektene til hushaldet (familien.)
  • Søknadsskjema redusert foreldrebetaling finn du under søknadar på Foresattportalen: Innlogging for sauda: Foresattportal
  • Blir det søkt etter 1. august gjeld vedtaket frå heile første månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.
  • Betaling for kost kan komme i tillegg.

Her finner du Viktig informasjon om søknaden om redusert foreldrebetaling (PDF, 56 kB)