Søkje og sei opp plass i SFO
Under finn du informasjon om
- å søke plass i SFO
- å seie opp SFO-plass
- å søke om større/mindre plasstorleik
De har plassen fram til barnet sluttar i 4. klasse, om de ikkje seier den opp før dette. Når og korleis de seier opp plassen, finn de også informasjon om under.
Søke SFO-plass
Søknadsfrist for å søke SFO-plass
- Søknadsfristen for å søke SFO-plass er 1. mars kvart år.
- Ved ledig plass vil det bli gjort opptak og etter denne datoen/undervegs i året.
- Ta kontakt med leiinga ved skulen for å høyra om det er ledig plass. Fyll deretter ut søknadsskjema.
Oppseiing av SFO-plass
- Søknadsskjema for SFO finn du i Foresattportalen
- Når de søkjer plass har de plassen til barnet er ferdig i 4. klasse.
- Plassen kan bli sagt opp før den tid.
- De får svarbrev frå skulen etter at søknaden er behandla.
Oppseiingstid
- Oppseiingtida er oppseiingsmånaden og dei to etterfølgjande.
- Skjema for oppseiing av SFO finner du i Foresattportalen
Søke om større/mindre plasstorleik
Dersom de skal søke om å få større eller mindre plassprosent i SFO, kan de søke om dette. Dette er normalt kun relevant for 4. trinn grunna endring i pris.
Søknadsskjema finn de i Foresattportalen
Dersom eit barn i 1.-3. klasse skal møte færre dagar på SFO i ein periode, treng de ikkje søke om dette, men heller leggje dette inn som ei hentemelding/repeterende i Visma, som vist på biletet under.
- De kan og kontakte avdelingsleiar for SFO, Silje Amdal, som kan hjelpe med dette. Kontaktkortet hennar står nedst på denne sida.
Skulle det gjelde vidare og påverke SFO-plassen i 4. klasse, er det anbefalt å sende inn søknad.

Publisert av Målfrid Selvik Årthun
Publisert 13.10.2021 14.40