SFO i skulen sine ferie- og fridagar

SFO er eit tilbod 11 månadar i året. SFO har stengt fire veker i forbinding med juli månad*.  I tillegg har SFO stengt jul- og nyttårsafta, onsdag før skjærtorsdag og fem planleggingsdagar i året. 

For barn som ikkje til vanleg har plass i SFO, kan det bli søkt om SFO-plass i skulen sine feriar og fridagar. Det er også høve til å søkja plass enkelt-dagar ved særlege behov. Sjå meir informasjon om dette under. 

Sommarferien for SFO i 2026 er frå og med 29.06 t.o.m 26.07. 
For skuleåret 2026/2027, opnar SFO måndag 27.07.2026. 

Frå og med skuleåret 2027/2028, vil SFO sin sommarferie starte første måndag i juli. 

Ferieordning og dagsplass i SFO

  • Barn som har fast plass i SFO, har også plass i skulen sine feriar og fridagar. Unntak er jul- og nyttårsafta, onsdag før skjærtorsdag, samt fem av skulen sine planleggingsdagar i hausthalvåret. .
  • Føresette til barn med gratis kjernetid kan kjøpa utvida plass i skulen sine feriar/fridagar på dei dagane barna til vanleg har plass. 
    • Barn med gratis kjernetid har rett til plass i feriar/fridagar.
    • Det blir sendt ut søknadsskjema for dette i forkant av feriar og fridagar.
  • Barn som ikkje har fast plass i SFO, kan få plass i skulen sine feriar og fridagar.
    • Føresette kan kjøpa opphald enkeltdagar, eller heile veker.
    • Det blir tildelt plass ved ledig kapasitet.
    • Ta kontakt med skulen og sjekk om det er ledig kapasitet på dei dagane de har behov for SFO.
  • Opningstid i feriane vil vera i tidsrommet frå klokka 08.00 til klokka 15.30. Opningstid blir tilpassa behov innanfor dette tidsrommet.
  • I forkant av ferien ber skulen føresette om tilbakemelding på om og når (til/frå klokka) plassen blir nytta, for å kunne planleggja drifta/personalplanlegging. 
  • SFO i Sauda kommune blir som hovudregel samlokalisert i feriane.

 

Foreldrebetaling i feriar 

  • Føresette som har fast plass for barna i SFO, har ferie inkludert i månadleg foreldrebetaling.
  • For barn med gratis kjernetid (1., 2. og 3. klasse) betalar føresette 150 kr pr dag for ferie-SFO dei dagane barnet har SFO-plass. 
  • Føresette som søkjer ferieplass for barn som ikkje har fast plass til vanleg, betalar 400 kr pr dag for ferie-SFO. Dette gjeld også barn med redusert plass, som ønskjer plass på dagar dei til vanleg ikkje er i SFO.