Lokal forskrift om skule- og feriedagar for Sauda kommune.
SKULERUTE:
Merk at planleggingsdagane før skulestart i august også gjeld for SFO. Det inneber at SFO har stengt desse dagane.
Skulerute 2025-2026 (PDF, 249 kB)
Skulerute 2026-2027 (PDF, 186 kB)
Kvifor har barnehage og skule av og til planleggingsdagar på ulike dagar?
Barnehage- og skuleåret har ulik oppstart, og det påverkar når planleggingsdagane blir lagt.
Eit nytt barnehageår startar alltid 15. august, i tråd med vedtektene for kommunale barnehagar i Sauda. Barnehagane har fem planleggingsdagar kvart år, og desse blir derfor lagt etter denne datoen.
Ein praktisk grunn til at barnehageåret startar 15.august, er at dei tilsette i barnehage skal avvikle sin sommarferie. Dette skjer utan at barnehagane har stengt, og i hovudsak utan bruk av ferievikarar. Det gjer at barna møter trygge og kjende tilsette også gjennom sommaren. For at alle tilsette skal få avvikla sin ferie, treng ein tidsrommet fram til 15.august.
Skuleåret startar på ulike datoar frå år til år, fordi ein må fordele dei 190 skuledagane jamt gjennom året. Høgtider og fridagar varierer, og dette påverkar skuleruta. Skulane og SFO har seks planleggingsdagar, der tre blir brukt i forkant av skulestart for å førebu ein god oppstart for elevane.
Skuleruta blir vedteken av kommunedirektøren, basert på eit forslag frå ei interkommunal arbeidsgruppe i Nord-Rogaland. Forslaget blir sendt på høyring til fagrørsler og samarbeidsutval før endeleg vedtak.