Skulerute

Skuleåret 2025-26 startar 14.august 2025. 

11. - 12. og 13.august har skule og SFO planleggingsdagar. Både skule og SFO har stengt desse dagane.

Skolerute 2025-2026 (PDF, 193 kB)

NB! Det kjem ei endring i denne skuleruta. Det blir ikkje elevfri 22.mai, fordi nasjonal eksamen er lagt til denne dato.  Skuleruta blir oppdatert når det er klart kva fridag denne blir erstatta med.

 

Kvifor har barnehage og skule av og til planleggingsdagar på ulike dagar?

Barnehage- og skuleåret har ulik oppstart, og det påverkar når planleggingsdagane blir lagt.

Eit nytt barnehageår startar alltid 15. august, i tråd med vedtektene for kommunale barnehagar i Sauda. Barnehagane har fem planleggingsdagar kvart år, og desse blir derfor lagt etter denne datoen.

Ein praktisk grunn til at barnehageåret startar 15.august, er at dei tilsette i barnehage skal avvikle sin sommarferie. Dette skjer utan at barnehagane har stengt, og i hovudsak utan bruk av ferievikarar. Det gjer at barna møter trygge og kjende tilsette også gjennom sommaren. For at alle tilsette skal få avvikla sin ferie, treng ein tidsrommet fram til 15.august.

Skuleåret startar på ulike datoar frå år til år, fordi ein må fordele dei 190 skuledagane jamt gjennom året. Høgtider og fridagar varierer, og dette påverkar skuleruta. Skulane og SFO har seks planleggingsdagar, der tre blir brukt i forkant av skulestart for å førebu ein god oppstart for elevane.

Skuleruta blir vedteken av kommunedirektøren, basert på eit forslag frå ei interkommunal arbeidsgruppe i Nord-Rogaland. Forslaget blir sendt på høyring til fagrørsler og samarbeidsutval før endeleg vedtak.

Tidlegare har ein prøvd å leggje opp til ei heil skuleveke ved oppstart, etter ønskje frå føresette. Erfaringane frå tilsette i skule og SFO har vist at dette kan vere krevjande, sidan mange elevar framleis er i feriemodus og læringsutbyte blir heller lågt.

For skuleåret 2025-26 har ein valt å lytte til lærarane i regionen sitt ønskje, og startar skuleveka torsdag 14.august. Tilsette i skule og SFO har planleggingsdagar 11. - 13.august. Barnehagane legg dette året ein planleggingsdag til 14.august, før foppstart av nytt barnehageår, for å unngå at planleggingsdagane skal strekke seg utover ei heil veke.

Sauda kommune har forståing for at stengt barnehage og SFO ei heil veke i august kan gi utfordringar for familielogistikken, og vil i åra framover søkje løysingar som i større grad gir samanfallande planleggingsdagar for barnehage og skule/SFO også ved oppstart av året.

Dette året oppmodar me familiar til å samarbeide om løysingar for å kombinere jobb-start med behov for tilsyn med barna. 

Sauda IL arrangerer Tine fotballskule i perioden 11. - 13.august 2025, eit tiltak som gjerne også kan vere eit aktuelt alternativ for familiar.