Søknad om å få slette fråvære

Inntil 10 dagar av fråværet kan bli sletta frå vitnemålet. Det krevst dokumentasjon.

For inntil 10 dagar per skuleår kan føresette søkje om at følgjande fråvære ikkje blir ført på vitnemålet:

1) Dokumentert fråvære som skuldast helsegrunnar.

  • Det må bli lagt fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. 
  • Fråvær som skuldast helsegrunnar må vara meir enn tre dagar, og det er berre fråvære frå og med fjerde dagen som kan krevja slettast.
  • For dokumentert fråvær av helsegrunnar som skuldast kronisk sjukdom eller funksjonshemming, kan fråvære slettast frå og med første dag.

 

2) Innvilga permisjon

 

Føresette må ta kontakt med skulen for å krevja dette. Det skjer ikkje ved automatikk.