Søknad om utsett eller framskunda skulestart

Dersom det av særlege grunnar er vurdert som best for barnet å starta på skulen eit år seinare, eller eit år før ordinær skulestart, kan føresette søkja om dette.

  • Med særlege grunnar meinast at eleven vil få eit betydeleg betre utbyte av opplæringstilbodet personleg, sosialt og/eller fagleg ved å starta på eit anna tidspunkt.
  • Om føresette ønskjer utsett skulestart, må dei senda søknadsskjema til rektor ved skulen til barnet innan 15.januar det året barnet fyller 6 år.
  • På bakgrunnen av søknaden og med samtykke frå føresette, ber rektor PPT som ei sakkunnig utgreiing. Har barnet barnehageplass, ber rektor barnehagen om ein pedagogisk rapport, som følgjer tilvisinga.
  • PPT vil ta kontakt med føresette og avtala vidare prosess for å gi ei tilråing i saka.
  • Sakkunnig utgreiing skal vera klar innan 01.mai. Utgreiinga blir sendt til rektor, med kopi til føresette. 
  • Rektor gjer enkeltvedtak i saka, ut frå den sakkunnige utgreiinga til PPT og eigne vurderingar etter dialog med føresette.
  • Føresette har klagerett på enkeltvedtaket.

 

Skjema for søknad om utsett eller framskunda skulestart