Bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt

Informasjon til alle hjortevald i Sauda

Sauda kommune har fått spørsmål om bruk av termiske siktemiddel ved jakt på hjort, og ynskjer med dette å informere om gjeldande regelverk.

Viltressurslova forbyr bruk av termiske siktemiddel til jakt. Utøvingsforskrifta opnar for enkelte unntak, mellom anna ved jakt på hjort dersom kommunen har opna for dette gjennom lokal forskrift, og berre når føremålet er å avvergje skade på natur- og samfunnsinteresser som følgje av høg bestandstettleik.

Per i dag har ikkje Sauda ikkje fastsatt lokal forskrift som opnar for restlysforsterkande eller termiske siktemiddel ved jakt på hjort. Siktemiddel kan difor ikkje nyttast under ordinær hjortejakt i kommunen.

Arbeidet med lokal forskrift er i gang og har vore ute til høyring i 14 dagar (Høyring av forslag til ny lokal forskrift om bruk av termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Sauda kommune - Sauda kommune), og skal opp til handsaming i utval for areal, næring og kultur 27.08.2026, og opp i kommunestyret 09.08. 2026.

Me ber alle vald og jaktrettshavarar om å rette seg etter gjeldande regelverk inntil vidare.