Framtidas oppvekst - rapport for barnehage

AFRY Architects har på oppdrag frå Sauda kommune vurdert dei tre kommunale barnehagane – Veslefrikk, Rustå og Leabøen – med tanke på framtidig utvikling og oppgradering.

Rapporten gjer greie for teknisk tilstand, funksjonelle behov og krav til universell utforming, og foreslår konkrete løysingar for å sikre moderne, trygge og pedagogisk gode barnehagebygg.

Det er utarbeidd to hovudalternativ: oppgradering av alle tre barnehagane, eller vidareføring og utviding av to barnehagar for å samle kapasiteten. 

Begge alternativa er vurderte med tanke på kapasitet, arealbehov og kostnader, og gir kommunen eit fagleg og økonomisk grunnlag for vidare politiske val om framtidig barnehagestruktur.

I vurderinga av kva to barnehagar som eventuelt bør vidareførast, har AFRY kun lagt til grunn byggteknisk tilstand og bygningsmessige forhold, i tråd med sitt oppdrag. 

Andre samfunnsmessige moment vil òg bli drøfta, vurderte og vektlagde i den vidare prosessen. Her vil innspel frå prosjektgruppa, samarbeidsutvala i barnehagane og fagforeiningane vere viktige.

På bakgrunn av rapporten og dei samla vurderingane vil det bli lagt fram ei politisk sak med forslag til vedtak. Det er kommunestyret som til sjuande og sist vedtek plan og retning for barnehagane i Sauda framover.

Her finn du rapporten og meir informasjon.