Søknad om godkjenning av innmarksbeite som spreieareal
Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har fastsett ny forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. (gjødselbruksforskrifta). Forskrifta gjeld frå 1. februar 2025.
Ei av endringane er bl.a at du må ha løyve frå kommunen til å spreie mineralgjødsel på innmarksbeite, på same måte som for husdyrgjødsel. Dersom du gjødslar eit innmarksbeite i dag og har gjødslingsplanar frå 2022 og 2023 som viser at beitet er tilført mineralgjødsel, må du søkje kommunen om godkjenning for å vidareføre praksisen etter 1.1.2028.
Informasjon om innmarksbeite godkjent som spreieareal
Temakart Rogaland tilbyr ei kartløysing som gir god oversikt over kor mykje innmarksbeite som er godkjent som spreieareal på kvar landbrukseigedom.
Kommunen teiknar inn alt godkjent spreieareal i innmarksbeite her, slik at kartet viser kva for område som kan spreiast med husdyrgjødsel. Her er òg trekkprosenten lagt inn, slik at det kjem fram kor mykje av godkjent areal som tel som spreieareal for kvar enkelt eigedom.
Gå inn på Temakart Rogaland spreieareal. Dersom det kjem opp ei meldingsboks, trykk lukk. Under finn du ei nyttig oppskrift på korleis du kan sjekke kartet:
Steg for steg for å sjekke godkjent spreieareal på innmarksbeite (PDF, 905 kB)
Slik søkjer du
For å søkje om innmarksbeite godkjent som spreieareal:
Fyll ut søknadsskjema, legg ved kart med omsøkte innmarksbeiter for spreieareal, og send det via skjemaet Søknad om beite godkjent som spreieareal. Om Sauda kommune skal handsame søknaden i løpet av 2026 så har me sett søknadsfrist 1.april for 2026.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Elin Tjordal på e-post elin.tjordal@sauda.kommune.no eller telefon 992 90 604
Publisert 11.02.2026 10.56
Sist endret 11.02.2026 11.11