Ynskjer du å få godkjent innmarksbeite som spreieareal jf. ny gjødselbrukforskrift?

Me har fått med oss ein sommarhjelp, Ingeborg Havrevoll frå Suldal, til å godkjenne innmarksbeite som spreieareal jf. ny gjødselbrukforskrift. 

Sommerhjelpen vår Ingeborg Ingeborg Havrevoll

Innmarksbeite må vere godkjent av kommunen for spreiing av
a) husdyr- og mineralgjødsel, og
b) mineralgjødsel

Fyll inn søknadsskjema snarast - så tek me kontakt!

Det er viktig at alle informasjonsboksane i søknadsskjema vert utfylte. 

Opplysningar om spreieutstyr og rekkevidde,køyrevegar og gjødslingshistorikk er viktig for vurderinga. 

Det er i tillegg viktig at det vert lagt ved kart over dei aktuelle areala med innteikna køyrevegar. 


Dei godkjente områda vert digitalisert inn i ei digital løysing

Dei godkjente delane av innmarksbeite vil vere synlege som raude eller blå polygon, avhengig om arealet er godkjent for både husdyr- og mineralgjødsel (raud) eller berre mineralgjødsel (blå). Sjå døme på dette i denne figuren:
 

Utsnitt fra temakart-rogaland.no

 

Har du ikkje søkt så vil me oppmode deg til å søkje slik at me får brukt den ressursen som Ingeborg er! 

Sjå meir om gjødselbrukforskrifta i dette infoskrivet (PDF, 2 MB) eller på denne nettsida.