Kommunestyret vedtok 11. september 2024 prinsipp og føringar for vidare utvikling av barnehagesektoren i Sauda. Som del av dette arbeidet har konsulentfirmaet AFRY utarbeidd ein rapport om oppgraderingsbehov i dei kommunale barnehagane. Rapporten gir eit fagleg grunnlag for vidare planlegging og investeringsbeslutningar.
Rapporten kan du lesa her. (PDF, 3 MB)
Rapporten vil bli supplert med oversikt over kostnader til FDVU (forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling) for dei ulike alternativa, slik at det samla beslutningsgrunnlaget blir mest mogleg heilskapleg.
Kommunedirektøren vil leggja fram ei sak om Framtidas oppvekst, som omfattar både barnehage og skule, i junimøtet.
Til grunn for rapporten ligg følgjande vedtak i kommunestyret 11.09.2024:
1. Kommunestyret legg til grunn at følgjande prinsipp og føringar vert lagt til grunn for
vidare utvikling av oppvekstsektoren i Sauda kommune:
1.1 Sauda skal ha full barnehagedekning.
a) Det blir laga ein plan for oppgradering av dei kommunale barnehagane jamfør alternativ 0
+ for barnehage.
b) Ingen kommunale barnehagar skal over tid ha færre enn 30 barn, av omsyn til robuste
fagmiljø. Om barnetalet i framtida blir sterkt redusert, ber kommunestyret kommunedirektøren om å legge frem ny sak for kommunestyret.
c) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å leggje fram ei sak med plan for
oppgraderingar av barnehagebygg, før endeleg investeringsbeslutning. Av planen skal det
kome fram kva barnehage som skal få ei tilpassing til å kunne utvide kapasitet, om det er
behov for å redusere til to kommunale barnehagar.
d) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å gå i dialog med Brakamoen for å greie ut mulighet for å gjøre barnehagen kommunal
e) Om investeringane overskrid dei vedtekne rammer, skal kommunestyret få ei sak der dei
tar stilling til om dei vil gå vidare med arbeidet.
f) Kommunestyret ber om oppdatering undervegs i arbeidet.
g) Kostnadar til planarbeid blir innarbeidd i budsjett 2025.
Bilde av Leabøen barnehage i Sauda
Sauda kommune
Veslefrikk barnehage i Sauda
Sauda kommune
Rustå barnehage i Sauda
Sauda kommune