SFO i Sauda kommune

"Saman i leik, læring og vennskap."

Fritid er viktig for barn og unges oppvekst. SFO er ein trygg og god stad å tilbringa tid saman med andre før/etter skuletid. Innhald og aktivitetar skal fremja god fysisk og psykisk helse for alle. Alle barneskulane i Sauda har tilbod om SFO. SFO-året startar måndag nærast 01.08, årleg.

Frå SFO-året 2024-25 får elevar i 1., 2. og 3. klasse tilbud om gratis SFO 12 timar kvar veke. Dette tilbodet er frå etter skuletid og fram til klokka 15.30 måndag - torsdag, og fram til klokka 15.00 fredag. 

I skulen sine feriar og fridagar gjeld tilbodet deler av dagen, totalt 12 timar per veke. Opphald for resten av dagen kan kjøpast ved påmelding. 

Overgang frå barnehage til SFO

  • SFO-året startar måndag nærast 01.08, årleg.
  • Barnehageplassen blir automatisk avslutta 31.07. Foreldrebetaling opphøyrer frå og med 30.06, juli er betalingsfri månad i barnehage.
    • Ein treng ikkje å seia opp barnehageplassen ved overgang til skulestart.
  • For barn utan fast plass i SFO, kan føresette søkja om plass enkeltdagar/veker frå og med SFO-året sin oppstart. Plass tildeles ved ledig kapasitet.

 

Kven er SFO for? 

SFO (skulefritidsordning) er for elevar i 1. - 4.klasse. For elevar med særskilte omsorgsbehov kan det bli gitt plass til og med 7.klasse.

 

Innhald i SFO

  • SFO Sauda følgjer nasjonal rammeplan. Overordna føringar:
    • SFO skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar som er tilpassa barn i ulik alder og med ulikt funksjonsnivå.
    • SFO skal, gjennom innhald og arbeidsmåtar, leggja til rette for god samhandling i barnegruppene, mellom enkeltbarn og mellom vaksne og barn.
    • Barna skal ha gode vilkår for medverknad i SFO.
  • Saudaskulane sin årsplan for SFO viser korleis det blir jobba for å realisere rammeplanen. 
    • Planen inneheld mykje som er felles, og noko som er ulikt for dei ulike SFO. 
    • Kristine Torgersen er felles SFO-leiar for alle skulane i Sauda.

 

Opningstider

Kommunestyret har godkjent ei sak om forslag til endringar av vedtekter for SFO 21.02.24.  

Kommunestyrevedtaket medføre endringar som vedkjem opningstider, gjeldande frå og med hovudopptak med søknadsfrist 01.03.24. Vedtekter for kommunal SFO i Sauda av 01.02.2022 opphøyrer. Nye opningstider er gjeldande frå 01.08.24;

  • SFO har ope frå klokka 07.30 (ved påmeldte barn), og frå etter skuletid og fram til klokka 15.30 kvar dag.
  • SFO har ope 11 månadar i året. Barn som har plass i SFO vil ha tilbod i alle skulen sine feriar og fridagar. Unntak er julafta, nyttårsafta, onsdag før skjærtorsdag og fem av skulen sine planleggingsdagar.
  • Føresette kan søkja om plass i skulens sine feriar for barn som ikkje har plass til vanleg. Dei vil kunne få plass ved ledig kapasitet. Skulen vil sende ut søknadsskjema i forkant av kvar ferie.
  • Føresette kan også ta kontakt med skulen og be om å få kjøpa dagsplass for barn som ikkje har plass til SFO til vanleg. Dette er meint som eit ekstra-tilbod ved særlege behov. Barna vil kunne få plass om det er ledig kapasitet.  Behov må vera meldt inn i så god tid som mogleg. 

 

Plasstorleik/tal dagar per veke 

  • Barn i 1., 2. og 3. klasse har frå skuleåret 2024-25 gratis plass i SFO 12 timar per veke. Dette er frå etter skuletid og fram til klokka 15.30 måndag - torsdag, og fram til klokka 15 fredag. Føresette til barn i 1., 2. og 3. klasse melder på denne ordninga via vanleg søknadsskjema. Ein kan i tillegg velgja betalt morgon-SFO.
  • I Sauda kommune kan barna ha plass i SFO 60 %, 80%  eller 100 %.
    • 60 % plass er tre faste dagar kvar veke, 80 % er fire faste dagar. 
  • Barna kan ha plass på morgon SFO. 
    • Om føresette søkjer om plass morgon-må same plass-storleik bli valt:
      • Eks. 80 % plass = er 80 % morgon-SFO (4 dagar) og 80 % ettermiddag (4 dagar).
      • Dagane ein vel er dei same for morgon- og ettermiddag. 

 

Lokale 

SFO har eigne, tilpassa lokaler ved skulane. Dei brukar også andre rom i skulane, som kjøkken, gymsal, kunst- og handverkssal m.m.

I skulen sine feriar er SFO som hovudregel samlokalisert ved ein eller to skular.

 

Skyss

Retten til skuleskyss gjeld ikkje for SFO. Føresette bringar/hentar sjølv.