Rapport for oppgradering av dagens barneskular

Sauda kommune har bestilt ei utgreiing for å kartleggje kostnadene ved å oppgradere dagens barneskular til ein funksjonell og teknisk standard i tråd med gjeldande lovkrav og behov. Målet er å få eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere ulike løysingar for barneskulestrukturen i kommunen.

Sauda kommune står overfor viktige val knytte til framtidig skulestruktur.  Dagens barneskular har behov for oppgraderingar for å møte krav til mellom anna inneklima, universell utforming og pedagogiske areal.

For å sikre gode avgjerder er det nødvendig å få ei grundig oversikt over kva investeringar som må til for å bringe skulane opp til dagens standard.

På oppdrag frå Sauda kommune har AFRY utarbeidd ein rapport som synleggjer oppgraderingsbehov og kostnader knytte til dagens barneskulestruktur. Arbeidet er gjennomført på det som vert kalla skissenivå, eit moglegheitsstudie. Det inneber at vurderingane gir eit overordna bilete av behov og kostnader, men at det vil vere nødvendig med vidare detaljprosjektering for å finne dei beste pedagogiske og funksjonelle løysingane, og for å fastsetje eit meir eksakt prisnivå.

Rapport moglegheitsstudie skule - oppgradering av 3 barneskular (PDF, 4 MB)

Vedlegg til rapport:

1: Generelt romprogram skule (PDF, 12 kB)

2: Romprogram Austarheim skule (PDF, 21 kB)

3: Romprogram Fløgstad skule (PDF, 31 kB)

4: Romprogram Risvoll skule (PDF, 23 kB)

5: Kalkyle Austarheim skule (PDF, 56 kB)

6: Kalkyle Fløgstad skule (PDF, 15 kB)

7: Kalkyle Risvoll skule (PDF, 14 kB)

8: FDVU-vurdering (PDF, 700 kB)

9: Vurdering av teknisk tilstand og universell utforming (PDF, 597 kB)

Risvoll skule Sauda kommune

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Austarheim skule Sauda kommune