Prosjektorganisering og medverknad

Arbeidet i fase 2 er organisert med ei prosjektgruppe med deltakarar som har stor fagleg breidde, og med sterk involvering av fagrørsler.

Avklaring av roller og medverknad i fase 2 av prosjektet: 

Konsulentfirmaet AFRY sitt oppdrag er å gjere faglege vurderingar av den bygningsmessige tilstanden ved barnehagar og skular, samt skissere moglege løysingar på eit overordna nivå. Vurderingane deira handlar om bygg, kapasitet og teknisk tilstand. AFRY skal ikkje ta stilling til kva barnehage- eller skulestruktur kommunen bør velje, og dei gir derfor heller ikkje ei tilråding om struktur. Det er i hovudsak fagfolk frå teknisk som har bidrege med innspel til AFRY i arbeidet, om teknisk tilstand på bygg. Prosjekteigar og prosjekteigar har bidrege med avklaringar når det kjem til kva kapasitet det er behov for i barnehagar og skular, tal klasserom m.m, som utgangspunkt for AFRY sitt byggtekniske arbeid og utrekning av kostnadar.  Uansett val av struktur vil det vere behov for ein fase til med detaljplanlegging på desse områda, og då vil pedagogisk personale vere viktige ift å gi innspel til korleis innhald i framtidige barnehage- og skulebygg skal vere. 

Prosjektgruppa sitt oppdrag er å analysere og vurdere dei ulike strukturalternativa ut frå eit breiare fagleg perspektiv enn det byggtekniske. Det handlar mellom anna om pedagogiske, organisatoriske, økonomiske og samfunnsmessige forhold. Prosjektgruppa fungerer dermed som vurderingsteam i arbeidet med å belyse konsekvensar av ulike strukturalternativ, og gir sine faglege innspel vidare til styringsgruppa (strategisk leiargruppe), som arbeider vidare med saka fram mot endeleg saksframlegg.

Samarbeidsutval og fagrørsler får invitasjon til å leggje ved uttale/innspel til saksframlegget.

Prosjektplan - Forprosjekt oppvekst 2025_.pdf (PDF, 263 kB)

Denne viser innhald og organisering av arbeidet. Det kjem også fram av planen kven som er medlemmer i prosjektgruppa.

Prosjektgruppa har faste møte. 

Her finn du referat frå alle møta:

Oppstartsmøte 28.01.2025 (PDF, 216 kB)

Møtereferat 11.02.2025 (PDF, 209 kB)

Møtereferat 25.02.2025 (PDF, 214 kB)

Møte 04.03.2025 og 11.03.2025 - gjennomgang og innspel til konkurransegrunnlaget (ikkje referatført. Konkurransegrunnlaget blei revidert i møtet, basert på innspel. Og i ettertid, basert på e-post frå medlemmer.)

Møte 21.08.2025  - Workshop med AFRY (ikkje referatført)

Møtereferat 02.09.2025 (PDF, 182 kB)

Møtereferat 30.09.2025 (AFRY deltok i møtet) (PDF, 217 kB)

Møtereferat 28.10.2025 (AFRY deltok i møtet) (PDF, 83 kB)

Møte 04.11.25 (AFRY presentert prosjektrapport om tomtelokalisering, ikkje referatført)

Møtereferat 25.11.2025 (PDF, 110 kB)

Møtereferat 16.12.2025 (PDF, 269 kB)

Møtereferat 20.01.2026 (PDF, 321 kB)

Presentasjon og LearnLab-rapport møte 03.02.2026 (PDF, 12 MB)

 

Presentasjon av rapportar og spørsmål som grunnlag for innspel:

Samarbeidsutval barnehage (PDF, 2 MB)

Samarbeidsutval skule (blir sendt ut når rapporten frå skule ligg føre)

 

Innspel frå samarbeidsutval  - KJEM

 

Barnehage:

SU Leaøbøen barnehage

SU Rustå barnehage

SU Veslefrikk barnehage

 

Skule: (kjem)

SU Fløgstad skule

SU Risvoll skule

SU Fløgstad skule

SU Sauda ungdomsskule

 

Innspel frå fagrørsler (uttale til saka) - KJEM

Utdanningsforbundet Sauda

Fagforbundet Sauda

Delta Sauda