Bli med å kjemp mot Landøyda!

Landøyda er ei giftig plante- riv den opp med rota, putt den i ein pose og kast posen i restavfallet! Bruk hanskar i arbeidet. Oppfordringa kjem frå Suldal og Sauda kommunar samt bondelaga i kommunane.

Planta spreier seg i rekordfart og dersom den spreier seg til beitemark, er den ein fare for beitande dyr. Spesielt storfe og hest. Det er difor viktig å sikre at beiteområde er fri for denne planta.

Bilete av Landøyda - Klikk for stort bildeLandøyda Elin Tjordal

Landøyda er eit fleirårig ugras som veks i beite og langs vegar og grøfter, og planta er lett kjenneleg på sine gule blomar på ettersommaren. Landøyda er giftig for storfe og hest, forgiftinga er kronisk og oftast dødeleg ("Sirasjuka"). Storfe og hest vrakar normalt

planta på beite, men forgifting kan førekomme. Landøyda er ikkje giftig for småfe, men for storfe og hest er plantane giftige også etter tørking og ensilering.

 

Landøyda har frø med fnokk som spreiar seg lett med vinden, og etablerer seg i eng i nærleiken av beiter med mykje landøyda. Ei plante har i gjennomsnitt 2100 frø. Ved større mengder landøyda i silo eller høy kan problemet med forgifting bli større enn på beite!

Optimalt tidspunkt for sprøyting er når plantene er i strekningsvekst, ofte er dette i juni. Når plantene blømer er det liten eller ingen effekt av sprøyting. Planten spreier seg med frø, derfor er det viktigaste tiltaket utover sprøyting å hogge av eller helst rive opp alle planter med blomsterstengel slik at de ikkje får frødd seg. Plantene bør samlast i plastsekker og brennast, evt. kastast i restavfall, både med omsyn til giftigheit og frøspreiing. Ved luking vert det tilrådd å bruke hanskar.

I Sauda har bondelaget teke initiativ til å setje opp traktor tilhengarar ved Andedammen og i Saudasjøen. Her kan private levere gjennomsiktige plastsekker med Landøyda, og desse vert levert som restavfall på Sorteringsanlegget. Vil gjere oppmerksam på at det berre er planta Landøyda som skal kastast her.