Bli med på studietur til Lom og Arne Brimi!

Hjelmeland kommune har dei siste åra hatt ein større satsing på lokalmat og -drikke. I den samanheng har me sidan januar 2023 hatt eit lokalmatprosjekt, og dette er no i sluttfasen. Me ønsker å byggje på dette prosjektet og den tidlegare satsinga, og der den vidare satsinga mellom anne har fokus på koblinga mat og reiseliv.

Som eit ledd i den vidare satsinga planlegg me ein studietur til Lom og Arne Brimi 2.-4.juni. Studieturen er for alle næringsaktørar i Ryfylke som er nysgjerrig på korleis dei kan tene pengar på kombinasjonen lokalmat/drikke og reiseliv. Målet er at studieturen skal bidra til både kompetanseheving, nettverksbygging, nye samarbeidspartnere, nye idear og ikkje minst ny giv og inspirasjon. Eit stort ønske er at me saman gjer Ryfylke kjent for flotte kulinariske opplevingar!

 

PROGRAM

Saman med Frode Selvaag har me laga eit program for studieturen, som me håper gir meirsmak (det kan bli nokre små endringar eller tillegg i programmet):

Dag 1
•    Tidlig morgon avreise med buss (frå Hjelmeland og Sand)
•    Lunsjstopp. Lokalmat på menyen. Fortellingar om kor me er og kva me spiser.
•    Transportetappe vidare til Lom
•    Middag og overnatting på Brimi Bue i Lom (www.brimibuehotel.no)

Dag 2 
•    Frukost 
•    Besøk hos Bakeriet i Lom (www.bakerietilom.no) og lokalmatprodusenter.
•    Lunsj. (Ikke avklart kor ennå) 
•    Avreise til Vianvang. Ein lang kveld med Arne Brimi. (www.vianvang.no)

Dag 3 
•    Frukost 
•    Avreise 
•    Stopp på Ringebu (www.polsemakeri.no)
•    Lunsjpakkar fra Brimi Bue i bussen 
•    Enkel middag (truleg hos Vinjesvingen Handel, men ikkje bekrefta)
•    Ankomst Hjelmeland ca kl 23

Allereie under bussturen til Lom vil du få sjansen til å bli godt kjent med alle medreisande, for me legg opp til både speed-dateing og mini-workshops. Gjennom idémyldring og erfaringsdeling får du anledning til å bli (enda bedre) kjent med andre næringsaktørar, etablere nye samarbeidspartnere eller lande nye konsept for din satsing vidare. Vårt mål er at du skal oppleve turen som ein stor dose med påfyll på mange plan!


PRIS & PÅMELDING

Pris på studieturen inkluderer overnatting og måltider (eksklusiv drikke), og me har Ryfylkekokken Frode Selvaag som vår guide på turen.

Pris per person i enkeltrom: kr. 8 200,-
Pris per person i dobbeltrom: kr 6 900,-
I tillegg kjem transportkostnadar. Prisen vil avreknast i høve til kor mange som melde seg på (jo fleire påmeldte, dess lågare pris), og den vil truleg ligge på ca kr 1500-2000 kr per person.

Alle priser er eksklusiv mva.

Grunna reservasjonsbekreftelser treng me ein rask avklaring på kor mange som ønsker å delta på studieturen. Påmeldingsfristen er satt til mandag 4. mars og påmelding vil vere bindande. Me har eit begrensa antall plassar ledig, så ver raskt ute hvis du vil sikre deg plass.

Påmelding sendes til anne.spilde@hjelmeland.kommune.no.


INTERESSERT, MEN USIKKER?

Er du usikker på om dette er for deg?

Denne turen er for deg som driv med mat- og drikkeproduksjon, og som ønsker å sjå korleis du kan koble dette til reiselivsnæringen. Studieturen er også for deg som er ein reiselivsaktør og som ønsker å utvide dine tilbod til å inkludere lokalmat- og drikkeopplevelser.

Framleis usikker eller har du nokre spørsmål? Ta gjerne kontakt med Anne Spilde på tlf. 926 15 267 eller anne.spilde@hjelmeland.kommune.no, så svarer eg gjerne på spørsmål du har!