Heimeundervisning på skulane den 23. januar

Kriseleiinga i Sauda kommune har bestemt at det vert heimeundervisning på skulane tysdag 23. januar. Dette er gjort då vegane våre har så mykje is på seg, at me ikkje kan tilby ein trygg skuleveg. Dette er ein føre-var vurdering, for å unngå skader og at farlege situasjonar mellom mjuke trafikantar og bilar oppstår.

Det har vore vurdert om me klarte å strø vegane slik at det var mogleg å komme seg til skulen, men nedbøren som er no, og som er varsla i morgon tidleg gjer dette tilnærma umogleg.

Kvar enkelt skule sender ut informasjon via Visma til foreldre og føresette om praktiske konsekvensar av vedtaket. 
Barnehagane held open i morgon, men det oppfordrast til at dei som kan held barne heime i morgon. Alle uteområda er islagte, og det er mykje overvatn på desse.

Kriseleiinga i Sauda kommune