Møte for næringsliv om Klima- og energiplan

Sauda Kommune jobbar med ny Klima- og energiplan, og inviterer til eige innspelsmøte for lokalt næringsliv torsdag 23. november, kl. 19.00 i Nyesalen, Folkets Hus.

Ny Klima- og energiplan skal setta rammene for kommunen sitt arbeid med klimaomstilling framover. Me ønsker innspel frå heile Saudasamfunnet og inviterer no, i samarbeid med Sauda Vekst, til eige innspelsmøte for næringslivet. Kvelden blir ei blanding av informasjon frå kommunen, innlegg frå lokalt næringsliv og innspelsdiskusjon til planarbeidet.

Dette er ei moglegheit for dykk i næringslivet til å gi innspel til korleis kommunen kan bidra til å støtte opp om omstilling i næringslivet, og korleis me kan samarbeida rundt utfordringane Saudasamfunnet står ovanfor.

Program:

  • 19.00 Velkommen og informasjon om ny Klima- og energiplan (Sauda Kommune)
  • 19.15 Kva skjer i lokalt næringsliv 
    • Karbonfangst og andre klimatiltak hos Eramet (Kåre Bjarte Bjelland)
    • Miljøfyrtårn og andre tiltak i AS Forskaling (Alf Jostein Årtun)
    • ENØK og andre tiltak hos Si-Glass (Fredrik Larsson)
    • Klima, miljø og berekraft i anskaffelsar i Statkraft (Inger Lin Øvrebø Lucas)
  • 20.00 Diskusjon - innspel til planarbeid
  • 20.30 Oppsummering 
     

Det blir enkel servering.
Håpar mange nyttar høvet til å samlast rundt eit viktig tema for Saudasamfunnet framover.
Vel møtt!