Skulebyte, nettverk og helse

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Skulebyte, nettverk og helse

Skulebyte, nettverk og helse

Kva skjer når ein elev byter frå ein kommunal skule til ein annan kommunal skule i Sauda?
  • Då tar eleven med seg sin Ipad til den nye skulen.
  • Dersom eleven flyttar til ein annan kommune må Ipaden leverast tilbake.
Kva skjer når ein elev sluttar i saudaskulen?
  • Ipaden blir levert til skulen. 
  • Apple- kontoen blir umiddelbart deaktivert og innhaldet er tilgjengeleg i 20 dagar. All data vil deretter bli sletta
Har skulane godt nok nettverk til å gjennomføra ein digital skulekvardag?
  • Skulane har oppgraderte nettverk med nyaste tilgjengelege trådlaus teknologi.
  • Nettverka til skulane er kalibrerte så godt som mogleg innanfor det som er tilgjengeleg i dag
Treng me å kopla Ipad til nettverk heime?
  • Ja, sjølv om mykje av funksjonaliteten kan brukast utan nett bør Ipad vera på internett for det arbeidet som skal gjerast heime. 
  • Viss du ikkje har tilgang på internett heime ber vi deg om å ta kontakt med skulen din for å finna løysingar
Er elevane si helse ivaretatt?
  • Elevane treng fysisk aktivitet, både heime og på skulen. Elevane skal ikkje bruka Ipad heile tida dei er på skulen, men også vera i rørsle på ulike måtar. 
  • Generell tilråding for god arbeidsstilling for elevane:
    • Fotstøtte - føtene plassert på fotbrett eller i golv
    • Lårstøtte - ¾ av låret kviler på stolsete
    • Underarmstøtte - heile underarmen kviler på borda
    • Ipad skal vera plassert godt inn på bordet / pulten.
    • Bruk alle moglegheiter for vinkeljustering
    • Avstand frå auge til skjerm bør vera 50–80 cm
  • Husk:
    • Aktive pausar gjennom timen
    • Individuelle tilpasninger
    • Justeringsmuligheter på pult og stol
    • Vinkelplate/ringperm; endre vinkel på skjerm
Eg er uroa for skjermtid og fysiske plager
  • Skulen er observant i forhold til dette.
  • Elevane skal ha varierte arbeidsformer og bruka eit breitt utval av læremiddel på lik linje med Ipad.