SFO i Sauda kommuneLytt til tekstenStopp avspilling"Saman er ein god stad å vera." Fritid er viktig for barn og unges oppvekst. SFO er ein trygg og god stad å tilbringa tid saman med andre før/etter skuletid. Innhald og aktivitetar skal fremja god fysisk og psykisk helse for alle. Alle barneskulane i Sauda har tilbod om SFO. SFO-året startar måndag nærast 01.08, årleg. Frå SFO-året 2023-24 får elevar i 1. og 2.klasse tilbud om gratis SFO 12 timar kvar veke. Dette tilbodet er frå etter skuletid og fram til klokka 15.30 måndag - torsdag, og fram til klokka 15.00 fredag. I skulen sine feriar og fridagar gjeld tilbodet deler av dagen, totalt 12 timar per veke. Opphald for resten av dagen kan kjøpast ved påmelding. Overgang frå barnehage til SFO SFO-året startar måndag nærast 01.08, årleg. Barnehageplassen blir automatisk avslutta 31.07. Foreldrebetaling opphøyrer frå og med 30.06, juli er betalingsfri månad i barnehage. Ein treng ikkje å seia opp barnehageplassen ved overgang til skulestart. For barn utan fast plass i SFO, kan føresette søkja om plass enkeltdagar/veker frå og med SFO-året sin oppstart. Plass tildeles ved ledig kapasitet. Kven er SFO for? SFO (skulefritidsordning) er for elevar i 1. - 4.klasse. For elevar med særskilte omsorgsbehov kan det bli gitt plass til og med 7.klasse. Innhald i SFO SFO Sauda følgjer nasjonal rammeplan. Overordna føringar: SFO skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar som er tilpassa barn i ulik alder og med ulikt funksjonsnivå. SFO skal, gjennom innhald og arbeidsmåtar, leggja til rette for god samhandling i barnegruppene, mellom enkeltbarn og mellom vaksne og barn. Barna skal ha gode vilkår for medverknad i SFO. Kvar SFO har sin eigen årsplan, der det kjem fram korleis dei jobbar for å møta krav i nasjonal rammeplan for SFO. Opningstider SFO har ope frå klokka 07.00 (ved påmeldte barn), og frå etter skuletid og fram til klokka 16.00 kvar dag. SFO har ope 11 månadar i året. Barn som har plass i SFO vil ha tilbod i alle skulen sine feriar og fridagar. Unntak er julafta, nyttårsafta, onsdag før skjærtorsdag og fem av skulen sine planleggingsdagar. Føresette kan søkja om plass i skulens sine feriar for barn som ikkje har plass til vanleg. Dei vil kunne få plass ved ledig kapasitet. Skulen vil sende ut søknadsskjema i forkant av kvar ferie. Føresette kan også ta kontakt med skulen og be om å få kjøpa dagsplass for barn som ikkje har plass til SFO til vanleg. Dette er meint som eit ekstra-tilbod ved særlege behov. Barna vil kunne få plass om det er ledig kapasitet. Behov må vera meldt inn i så god tid som mogleg. Plasstorleik/tal dagar per veke Barn i 1. og 2. klasse har frå skuleåret 2023-24 gratis plass i SFO 12 timar per veke. Dette er frå etter skuletid og fram til klokka 15.30 måndag - torsdag, og fram til klokka 15 fredag. Føresette til barn i 1. og 2.klasse melder på denne ordninga via vanleg søknadsskjema. Ein kan i tillegg velgja betalt morgon-SFO og utvida tid til klokka 16.00, kvar dag. I Sauda kommune kan barna ha plass i SFO 60 %, 80% eller 100 %. 60 % plass er tre faste dagar kvar veke, 80 % er fire faste dagar. Barna kan ha plass både morgon og/eller ettermiddag. Om føresette søkjer om både morgon- og ettermiddags-SFO, må same plass-storleik bli valt: Eks. 80 % plass = er 80 % morgon-SFO (4 dagar) og 80 % ettermiddag (4 dagar). Dagane ein vel er dei same for morgon- og ettermiddag. Lokale SFO har eigne, tilpassa lokaler ved skulane. Dei brukar også andre rom i skulane, som kjøkken, gymsal, kunst- og handverkssal m.m. I skulen sine feriar er SFO som hovudregel samlokalisert ved ein eller to skular. Skyss Retten til skuleskyss gjeld ikkje for SFO. Føresette bringar/hentar sjølv. Publisert av Solfrid Løvbrekke Handeland Publisert 13.10.2021 14.40