8. Plasstorleik og opphaldstid
Det blir gitt tilbod om 100 %, 80 % og 60 % plass.
Vekentleg opphaldstid er i utgangspunktet 5 dagar for full plass, 4 dagar for 80 % plass og 3 dagar for 60 % plass, faste dagar.
Desse dagane gjeld også når SFO er open i skuleferiane.
Skulen avgjer sjølv kor fleksibelt opphaldstida kan nyttast.
Skulefritidsordninga opnar normalt etter skuletid og stengjer kl. 16.00, og er eit tilbod utanom undervisningstida.
Ved minst tre påmeldte barn ved skulen er det også opningstid frå klokka 07.00 – 08.00.
Opningstid i feriar er frå klokka 07.00 – 16.00.
Skulefritidsordninga held stengt i juli månad og fem planleggingsdagar i løpet av skuleåret. I tillegg er det stengt julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag.
Føresette betaler for dei elleve månadene som skulefritidsordninga held ope.