Medverknad

Medverknad

Kommunestyret har bedt om at prosessen med utgreiinga er godt forankra i samarbeidsutvala og fagrørsler.  Desse kjem med innspel undervegs i prosessen, fram mot utarbeiding av saksframlegg.

Aktørar og arenaer for medverknad: 

 

Referansegruppe: 

Prosjektet har ei referansegruppe som skal gi råd, tilbakemelding og sine perspektiv på relevante områder fram mot endeleg saksframlegg. Relevante område vil både vere oppleving av medverknad/prosess, framdrift og resultat av arbeidet. 

Referansegruppa skal vere ein ressurs for prosjektgruppa, og bidra til å løyse problem eller utfordringar som oppstår undervegs.

Referansegruppa har følgjande medlemmer: 

  • Medlemmer i kommunalt foreldreutval for barnehage og skule
  • Plasstillitsvalt frå kvar barnehage og skule/SFO. 
  • Representant for tilsette i småskulane
  • Representant for tilsette i barnehagane 
  • Ungdomsrepresentantar

 

Medverknadsaktørar:

  • Fagrørsler
  • Samarbeidsutval i barnehagar og skular
  • Høyringsrunden blir open for alle som ønskjer å gi innspel

 

I samarbeidsutvala for barnehagar og skular er følgjande partar representert:

  • Barn/unge
  • Føresette
  • Tilsette frå ulike yrkesgrupper
  • Leiar
  • Politisk representant

 

Dialogmøte med kommunestyret:

  • 24.04.24 blir delrapport 1 lagt fram for kommunestyret. I delrapport 1 blir funn kring kvalitet, ressursutnytting, kompetanse, læringsmiljø og utvikling i våre barnehagar, skular og SFO lagt fram av Norconsult.
  • Rapporten erstattar den årlege kvalitetsmeldinga, og møtet har funksjon som det årlege dialogmøte med kommunestyret om kvaliteten på tilbodet i våre barnehagar, skular og SFO.

 

Foreldremøte:

  • 24.04.24 blir delrapport 1 lagt fram for føresette i barnehagane og barneskulane.

 

Folkemøte 1: 

  • 11.06.24 blir det folkemøte, der saksframlegg om høyringsutkast blir presentert.
  • Som del av møtet vil Norconsult presentere fullstendig rapport, med sine tilråingar.

 

Høyring:

  • Høyring opnar etter kommunestyret sitt vedtak i saka om høyringsutkast.
  • Høyring opnar 24. juni 2024, med frist til å gi uttale innan 02.august 2024.

 

Folkemøte 2: 

  • 21.08.24 blir det eit nytt folkemøtet, der endeleg saksframlegg blir presentert.

 

Saksframlegg blir handsama av: 

  • Funksjonsnedsettes råd
  • Ungdomsrådet
  • Formannskapet
  • Kommunestyret

 

I samband med prosjektet kjem det tre saker til handsaming:

  • Prosjektmandat (Kommunestyremøtet 21.02.24)
  • Høyringsutkast  (Kommunestyremøte 19.06.24)
  • Endeleg saksframlegg, etter høyringsrunden (Kommunestyremøtet 11.09.24)