Spørsmål og svar

Spørsmål og svar

Mange har spørsmål knytt til prosjektarbeidet “framtidig organisering av oppvekst.” Me vil etter beste evne svare ut dei spørsmål som kjem inn via ulike kanalar og forum.

Har du spørsmål du ønskjer svar på kan du sende spørsmål til post@sauda.kommune.no

Merk  e-post  “Spørsmål til framtidig organisering av oppvekst.”

Historikk barnehagar og skular i Sauda

Det blir ofte vist til tidlegare avgjerder i drøftingar kring ei slik sak. Etter beste evne er det leita fram informasjon om dette frå lokalavisa Ryfylke LL sitt arkiv. Er det feilkjelder i informasjon, og/eller det er annan informasjon som bør delast, ber me om at denne sendast post@sauda.kommune.no, merk “framtidig organisering av oppvekst.”

Det er ikkje meint å gi uttømande informasjon om barnehagane og skulane. 

 

BARNEHAGE:

  • 1977: Leabøen barnehage opna
  • 1991: Brakamoen barnehage SA opna
  • 2000: Rustå barnehage opna. Denne erstatta  Kleiva barnehage.
    • 2009: Rustå barnehage blei bygd på for 6,6 millionar kroner.
  • 2011: Det blir vedteke å rusta opp Leabøen barnehage for 4 millionar kroner.
  • 2017: Veslefrikk barnehage i Torsveien opnar. Denne erstatta gamle Veslefrikk barnehage

 

GRUNNSKULE:

  • Fram til 2007 hadde Sauda kommune fem barneskular:
    • Årtun skule (1. - 4.klasse)
    • Birkeland skule (5.-7.klasse ved Årtun skule gjekk på Birkeland.)
    • Fløgstad skule
    • Risvoll skule
    • Austarheim skule
  • 2006: Kommunestyrevedtak om å behalde tre barneskular:
    • I samband med vedtak av budsjett for 2006, blei det vedteke å leggja ned Årtun skule frå og med 2007 og Birkeland skule frå og med 2009. Desse elevane skulle framover høyre til Austarheim skule.
  • Austarheim skule:
    • Bygd i 1977. 
    • 1997: Bygd på for å ta i mot 6-åringane som starta i skulen. Statlege finansieringsordningar.
    • 2009: Bygd ut for 16 millionar kroner, for å husa elevane frå Birkeland og Årtun skule.
    • 2014-15: Bygd ut på ny for 8-9 millionar kroner, for å huse eit auka elevtal. Blant anna på grunn av nytt bustadsfelt på Andreasmoen. 
  • Fløgstad skule: 
    • 1926-1927: Skulen er bygd i 1926, med påbygg i 1927.
    • 2006: Skulen blei vedteke renovert.  Før renoveringa blei den sist pussa opp på 1980-90-talet, og skulen hadde store avvik på blant anna krav til inneklima. 
    • Skulen er ikkje eit verna bygg, men grensar til vernesona i Åbøbyen.
    • 2009 - 2011: Elevane ved skulen blei fordelt ved Risvoll skule og Sauda ungdomsskule i perioden med renovering av bygget, ca 1,5 år.
    • Totalkostnad for renovering kom på ca 55 millionar kroner. Finansiert med statlege låneordningar som gav momsrefusjon.
  • Risvoll skule:
    • 1962: Risvoll skule blir tatt i bruk.
    • 1997: Bygd på i samband med 6-åringane starta i skulen. Statlege finansieringsordningar.

 

  • Det er nær 20 år sidan førre diskusjonar om skulestruktur, som enda med endringar. Barnehage- og skulestruktur har vore handsama fleire gonger i åra etter vedtak om endringane i 2006. 
    • 2011: Både barnehage- og skulestruktur blei handsama, utan at det blei gjort endringar. 
    • 2014:  Skulestruktur handsama, utan at det blei gjort endringar. 
    • 2019: PWC-rapport, der endringar i barnehage- og skulestruktur var blant forslag til tiltak innanfor oppvekst.  PWC-rapporten var ei bestilling frå kommunestyret for å få eit faktagrunnlag for økonomiske omstilling av drifta til Sauda kommune. Tiltak om strukturendringar i oppvekst blei ikkje vedteke.
    • 2023: Rustå barnehage blei foreslått nedlagt i samband med handsaming av budsjett- og økonomiplan for 2024- 2027.  Tiltak blei ikkje vedteke.
Fødsels- og elevtal

Mange lurar på kor mange barn og unge det eigentleg er i barnehagane og skulane. Tal barn og unge me har i barnehagane og skulane utgjer driftsgrunnlaget. Fødselstala gir oss eit utgangspunkt. 

 

Fødselstal:

Fødselstal 2017 - 2023
2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023
45 46 44 41 38 49 37 40 44 41 36 40 39 34 48 38 31

I 2024 er det kjent at det er venta 55 barn til og med november. Kan me få 60 fødte barn?

 

Elevtal i barneskulane skuleåret 2024-25: 

Elevtal 2024-25
Skule/barnetal 1.klasse 2.klasse 3.klasse 4.klasse 5.klasse 6.klasse 7.klasse Totalt
Austarheim skule 22 24 18 33 19 21 29 166
Fløgstad skule 16 21 18 24 25 22 25 151
Risvoll skule 7 9 14 10 14 14 16 84
Totalt 45 54 50 67 58 57 70 401
Fødselstal dette året: 40 (2018) 36 (2017) 41 (2016) 44 (2015) 40 (2014) 37 (2013) 49 (2012) 287

I 2022 og 2023 tok Sauda kommune i mot totalt 180 flyktningar.  Av dei busette i 2022 og 2023 er det 10 barn i barnehagane, 24 elevar i barneskulane og 13 elevar i ungdomsskulen. Total auke på 47 barn/unge som følgje av desse busettingane. 

 

Basert på barn som har plass i barnehagane i dag, gir dette ein peikepinn på kor mange elevar det vil bli i skulane framover.

NB! Alle barn går ikkje i barnehage, så det vil kome til nokre fleire. Spesielt i dei yngste årskulla.

Barn i barnehagane, fordelt etter skulekrins
Barn i barnehagane, fordelt etter fødselsår Austarheim skule Fløgstad skule Risvoll skule Totalt elevtal, basert på barn med barnehageplass Fødselstal
2019 14 19 13 46 39
2020 13 13 9 35 34
2021 15 30 13 58 48
2022 15 19 7 41 38
2023 7 12 3 22 31

 

Informasjonsgrunnlag og medverknad

Spørsmål 1:

Hvilke kriterier blir satt til bygg- og uteområdet?

 

Svar:

Universell utforming av ute- og inneområdet er eit sentralt kriterium. Dette og andre kriterium kjem fram av Norconsult sitt arbeid, som blir lagt fram 24.april. 

 

Spørsmål 2:

Savner representant fra PPT i referansegruppen. Får PPT mulighet til å si sin mening på en annen arena?

 

Svar:

Det er kommunestyret, gjennom vedtak av prosjektmandat, som har bestemt kven som skal vere med i referansegruppa. (Me har med langt fleire representantar frå kvar gruppe, enn dei kravde.)

PPT deltok i gruppeintervju med Norconsult, og er såleis representert i arbeidet. Elles er me samde i at PPT er ei viktig stemme inn i barnehage og skule. Dei fårogså  høve til å gi innspel til høyringa, som kjem til sommaren.

I tillegg har både PPT og dei andre tenestene rundt barn og unge sendt inn informasjon til Norconsult om korleis dei er organisert, kor mange stillingar dei har m.m.

 

Spørsmål 3:

Er PPT med i noen gruppe?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 2.

 

Spørsmål 4:

Hvor mye fokus blir det lagt på trygg skolevei?

 

Svar:

Først og fremst skal prosjektet sei noko om kvaliteten på tilbodet i barnehage og skule. Skulevegen er del av skuletilbodet og skal vere fysisk og psykisk trygg for alle barn og unge. 

Frå prosjektmandatet:

“Læringsmiljøet skal vere helsefremjande, trygt og godt for alle. For barna i skulen inneber også dette skulevegen.”

 

Spørsmål 5:

I kor stor grad blir forskning nytta til arbeidet?

 

Svar:

Norconsult byggjer sitt arbeid på forsking om kva som er og gir gode barnehagar og skular.  Det vil koma fram av prosjektrapporten frå dei.

 

Spørsmål 6:

Er der organisering først, så kvalitet?

 

Svar:

I dette utgreiingsarbeidet er det kvalitet som ligg til grunn. Organisering, dvs. kva struktur som blir foreslått for barnehage og skule i framtida, blir gjort på grunnlag av kva som gir den beste kvaliteten.

Ein kan samanlikne dette utgreiingsarbeidet med det som blei gjort på området økonomi, med den såkalla “PWC-rapporten.” Kommunestyret ønska eit faktagrunnlag og forslag til tiltak. Så var det kommunestyret som avgjorde kva tiltak dei ville gjennomføre. I dette utgreiingsarbeidet får kommunestyret eit faktagrunnlag om kvalitet. Organisering (struktur) blir forslag til tiltak, som det er opp til kommunestyret å ta ei avgjerd om. Forslaga kan bli å halde på dagens struktur, eller eit av dei andre alternativa i prosjektmandatet.

 

Spørsmål 7:

PPT og skolehelsetjenesten. Hvor er de?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 2 og 3. Skulehelsetenesa har bidrege på same måte som PPT.

 

Spørsmål 8:

Er alle i Brakamoen, foreldre og ansatte, like involvert som de i kommunen?

 

Svar:

Brakamoen barnehage SA er ein privat barnehage, og Sauda kommune kan ikkje gjere vedtak som rammar denne barnehagen. Brakamoen barnehage SA får likevel tilbod om å gi innspel på dei same område som alle andre barnehagar, skular og fagrørsler. Dei er også godt representert i referansegruppa med tilsette, og har fått tilbod om å ha med føresette i referansegruppa.

Styret i Brakamoen barnehage SA har fått ein førespurnad om det er aktuelt for dei å bli kjøpt opp av Sauda kommune, i og med at dette er eit av alternativa til framtidig organisering. Det er eit heilt uforpliktnade spørsmål både for Brakamoen barnehage SA og Sauda kommune, fordi ein ikkje veit nå om dette er eit aktuelt og/eller ønska alternativ. Om styret i Brakamoen barnehage SA seier ja til dette, og kommunedirektøren vil tilrå dette i saka, er det likevel kommunestyret som vedtek om dette skal bli gjennomført.

Om styret i Brakamoen barnehage SA seier nei til å gå i dialog med Sauda kommune om oppkjøp, er dei ein barnehage som held fram med drift som før. Sauda kommune har eit rettleiings- og tilsynsansvar for barnehagen, i tillegg til å gi tilskot til drift. Utover dette har ikkje Sauda kommune eit ansvar.

 

Spørsmål 9:

Er det slik at Brakamoen barnehage SA ikkje har deltatt i Norconsult si undersøking på bygg og innhald?

 

Svar:

Det er rett. Sauda kommune gjer ei utgreiing av eigne barnehagebygg. Før styret i Brakamoen barnehage SA eventuelt seier ja til å gå i dialog med kommunen om oppkjøp, og kommunestyret vedtek dette, har ikkje Sauda kommune verken ein rett eller plikt til å ta inn Brakamoen barnehage SA som del av sitt utgreiingsarbeid.

Om det skulle bli aktuelt med eit oppkjøp av bygg, er det naturleg at Sauda kommune vil gjere vurderingar av kvaliteten på bygg og anlegg, før eventuelt gjennomføring.

Viser elles til svar på spørsmål 8. 

 

Spørsmål 10:

Jeg har hørt at foreldre har fått en spørreundersøkelse å svare på. Gjelder denne spørreundersøkelsen for 1.klasse t.o.m 10.klasse?

 

Svar:

Det er føresette til barn i dei kommunale barnehagane og føresette til barn i barneskulane som har fått denne undersøkinga, i og med at det er desse einingane som er under utgreiing. 

 

Spørsmål 11:

Uteområdene er allerede for små (Veslefrikk og dårlig på Fløgstad), hvordan klare å utbedre disse når tomten ikke gir mulighet til det?

 

Svar:

Det er godkjenningskrav for barnehage og skule, og uteområda ved både Veslefrikk barnehage og Fløgstad skule er godkjente etter dagens lovkrav. Både Fløgstad skule og Veslefrikk barnehage har utstyr på uteområda av nyare dato. Fløgstad skule fekk fornya leikeapparat i 2023. Det blir jobba med utbetringar av noko utstyr på Veslefrikk barnehage sitt uteområde.

Barnehagane og skulane våre har følgjande areal:

Areal barnehagar og skular
Bygg Totalt areal eiendom Uteområde kvm ca Kommentar
Leabøen barnehage 3888 kvm 3158 kvm
Veslefrikk barnehage 5898 kvm 4375 kvm
Rustå barnehage 3098 kvm 2644 kvm
Risvoll skule 10583 kvm 8807 kvm Utan ballbinge
Fløgstad skule 5898 kvm 4375 kvm
Austarheim skule 19087 kvm 16300 kvm Med skogen

 

Spørsmål 12:

Tar ein hensyn til at barnetalla ikkje er i tråd med statistikken? At ein får større kull enn kva som er spådd?

 

Svar:

Norconsult får både fødselstala og dei reelle tala for barn i barnehagane og skulane våre, så det blir tatt omsyn til. De finn også informasjon om desse tala på denne sida.

 

Spørsmål 13:

Ønsker mer håndfast info. Eks. Hvor lang tid må elevene sitte på buss ved noen av alternativene? Vanskelig å ta stilling til viktige spørsmål som “vil du beholde strukturen slik som nå eller endre?”

 

Svar:

Norconsult har fått informasjon om kor lang reiseveg dei elevane som har lengst veg til skulen nå har. Utover dette blir reiseveg belyst som del av Norconsult sine utgreiingar.

På dette tidspunkt, før ein veit kva som blir tilrådd forslag til organisering i saksframlegget, kan ein ikkje sei noko om kva som blir reiseveg. Kanskje blir det som i dag, for alle? Kanskje blir det endringar for alle? For nokon? Ingen veit endå.

Det er lett å forstå at alle gjerne vil ha meir informasjon, men grunnlaget for dette prosjektet er nettopp å få meir informasjon for at kommunestyret skal kunne ta ei avgjerd.

 

Spørsmål 14:

Korleis vil ein måle kvalitet? Definisjon i dag gir lite rom for å måle.

 

Svar:

Til grunn for utgreiing av området kvalitet, ligg denne definisjonen i prosjektmandatet:

  • Evne (kapasitet og kompetanse) til å tilby og oppretthalde eit miljø og gi eit tilbod som fremjar alle barn og unge sin trivsel, læring og utvikling. I dette ligg også kapasitet og kompetanse til å hjelpe alle barn/unge med det dei treng, når dei treng det. (Tidleg innsats.) 
  • I ein slik definisjon ligg det at ein skal vurdere kva som er det beste for barnet. Barn/unge si stemme, føresette si stemme (på vegne av barn/unge), og ei vurdering basert på fagleg kunnskapsgrunnlag skal vegast og vurderast opp mot kvarandre. 
  • I ei slik barns- beste-vurdering ligg det også at ein må sjå barnehagar, skular og SFO som ein viktig del av barns nærmiljø, og kva effekt ei endring av organisering kan ha for kvaliteten på nærmiljøet til dei barna som har barnehagar og skular i sitt buområde. 
  • Ein må naturleg sjå dei ulike faktorane saman, når ein skal vurdere kvalitet. Blant anna har fysiske omgjevnadar og kompetanse betydning for kvalitet

 

Me har nokre tal (fakta) som både seier noko om kompetanse og kapasitet, ift korleis Sauda ligg ift ulike normtal og ressursbruk. Vidare har me tal for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, nasjonale prøvar, elevundersøking osv.  På eit anna område på denne informasjonssida, finn de ulike tal og resultat frå barnehagane og skulane våre. Desse kan gi noko informasjon om korleis me lukkast med å hjelpe elevane til læring. (Tidleg innsats.)

Norconsult har også synfart bygga våre, for å sjå korleis dei er i stand til å gi alle barn og unge eit inkluderande tilbod. 

Men, dette er berre det me kan telja. Som iallefall alle som arbeidar i barnehage og skule veit, så er det ikkje alt som kan teljast som tel, og alt som tel som kan teljast. Derfor er det lagt vekt på gruppeintervju, der dei tilsette har fått uttalt seg om korleis dei opplever å greie å hjelpe alle barn og unge.  Korleis barnehagane og skulane våre fungerer.

Det same har støttetenester som PPT, barnevern, barne- og familieteam og helsestasjon gjort. Likeeins leiar for bygg og reinhald, IKT og kommunenivå. Det er mange som er involverte for å skape god kvalitet i barnehage og skule for alle barn og unge.

Vidare er det gjennomført  spørreundersøking blant 5. - 7.klasse, føresette og tilsette. 

Kvar og ei undersøking åleine er ikkje nok, det er når ein ser dei saman det kan gi eit bilete. 

 

Spørsmål 15:

Hvor stor innvirkning har referansegruppen på prosjektet?

 

Svar:

Referansegruppa er i ein viktig posisjon til å kome med innspel til prosjektet. Alle innspel blir vurdert av prosjektgruppa. Gode og konkrete innspel/forslag som kan gjere prosjektet betre, innanfor det vedtekne prosjektmandatet, er kjærkomne.

 

Spørsmål 16:

Blir det “mellomarbeid” for deltakerne i referansegruppen i tidsrommet mellom de oppsatte møtene?

 

Svar:

Det er ikkje lagt opp til mellomarbeid mellom dei oppsette møta. Om det blir aktuelt, blir det dialog om dette med deltakarane. 

 

Spørsmål 17:

Korleis er inneklima i dei ulike bygg/anlegg? Det har kome innspel om at det er dårleg luftkvalitet på Fløgstad skule.

 

Svar: 

Alle våre skular har jamlege målingar av luftkvalitet og temperatur, i tillegg til radon. Målingane også for Fløgstad skule er tilfredsstillande, og etter det me kjenner til er dei også det for dei andre skulane.

Ein har tilsvarande kontroll og målingar for Rustå og Veslefrikk barnehage. Leabøen barnehage manglar SD-anlegg, og dermed får ein ikkje målt  varme og ventilasjon på same måte. Radon blir målt også i Leabøen.

 

Spørsmål 18:

Har ein tenkt over at det kan vere utfordrende for enkeltpersoner/foresatte å skrive høringsuttale i ferietid? At ein føler seg gjerne avhengig av SU i den tiden?

 

Svar:

Det er eit godt spørsmål som det ikkje er gjort vurderingar kring endå. Me må sikre at alle som ønskjer å gi eit innspel får gjort dette. Me vil sjå på korleis me kan møte eventuelt slike behov. 

 

Spørsmål 19:

Skal vi i denne referansegruppen være med på å tenke nye forslag til hvordan vi vil ha det i fremtiden om skole/barnehage. (Antall skoler/barnehager)

Svar:

I møtet 13.mai vil de få kome med innspel til saka om høyring framtidig organiseringa av oppvekst. I det møtet vil også Norconsult sine forslag til løysingar bli lagt fram, og drøfta, av referansegruppa.  Referansegruppa får dermed koma med sine vurderingar av Norconsult sine forslag, og evnt. andre vurderingar kring alternativ.

 

Spørsmål 20:

Blir mental helse prioritert på lik linje som fysisk helse?

 

Svar:

Barna skal ha eit trygt og godt både psykososialt og fysisk miljø, så det er viktig at begge perspektiv er med i dei vurderingar ein gjer i saka.

 

Spørsmål 21:

Savner diskusjon rundt de ulike alternativene, ikke bare endring/ikke endring. Før Norconsult er ferdig.

Svar:

Viser til svar på spørsmål 19. Sjølv om Norconsult har gjort sitt arbeid, så kan alternativa framleis bli drøfta. Det er lagt vekt på å skaffe eit faktagrunnlag, før ein drøftar alternativ.  Det blir lagt vekt på at tiltak skal vere kunnskapsbaserte, og tiltak i denne saka er dei ulike alternativ til organisering/struktur for framtida. Det er grunnen til at me brukar god tid på drøftingar og vurderingar kring kvalitet. Kva skal telje mest på vekt-skåla?

 

Spørsmål 22:

Har Brakamoen barnehage SA sagt nei til kommunal overtaking?

 

Svar:

Det er rett at styret i Brakamoen barnehage SA har vedteke at dei ønskjer å halde fram som ein privat barnehage, i godt samarbeid med kommunen. Dermed er alternativ 2 i prosjektmandatet ikkje eit aktuelt alternativ/det blir ikkje utgreidd.

Alternativ 2 er: Leggje ned ein kommunal barnehage og be om kommunal overtaking av Brakamoen barnehage SA.

Alternativ 3 står framleis ved lag: Ein felles kommunal barnehage ved å byggje på ein av dei eksisterande. (Forutsatt fortsatt privat drift av Brakamoen barnehage SA.)

 

Spørsmål 23:

Har Norconsult fått tilbakemelding på at noen av spørsmålene i spørreundersøkelsen var vanskelig og førte til mye “vett ikke" svar?

 

Svar:

Me skal møte Noronsult neste veke, og vil ha dialog med dei om dette. Det er også viktig å vere merksam på at spørreundersøkelsen er berre ein bit av eit større bilete Norconsult brukar som informasjonsgrunnlag. Det at tilsette svarar “veit ikkje” på desse spørsmåla er også eit svar. Gir me god nok informasjon på dei ulike områda? Fleire av spørsmåla er også berre aktuelle å svare på for føresette som har barn med spesialpedagogisk hjelp/-undervisning. Det er viktig at desse føresette også får ein stad der dei kan gi sine tilbakemeldingar, fordi dei er føresette til ekstra sårbare barn og unge, som treng at nokon talar på vegne av dei. 

 

 

Barn og unge

Spørsmål 1:

Vi ser stor mangel på motivasjon hos eldre elevar. Hvordan vil dere ta tak i dette?

Svar:

Føremålet med prosjektarbeidet er å samla informasjon om korleis skuletilbodet blir opplevd av barn/unge, tilsette og føresette i dag. Når me veit korleis det er, kan me foreslå eventuelle endringar. Enten innanfor dagens tilbod, eller forslag til større endringar. 

I tillegg kjem det nasjonale føringar for at skulen skal bli meir praktisk og variert. Det er venta ei Stortingsmelding om dette våren-24. Det som står her vil nok leggja føringar for korleis skuletilbodet skal vere for dei unge framover. 

Les gjerne meir om denne her: Arbeidet med stortingsmelding om 5.-10. trinn - regjeringen.no

 

Spørsmål 2:

Savner mening fra de yngre barna om hva de tenker om skolesituasjonen.

Svar:

Elevane i 5. - 7.klasse ved alle barneskulane har svart på nokre spørsmål om skuletilbodet. Det er vanskeleg å vurdere kva som er rett involvering av dei aller yngste barna. Dei skal sleppe å ta stilling til store spørsmål som barnehage- og skulestruktur. Det ligg til dei vaksne å ta slike avgjerder. Både føresette og tilsette får på ulike måtar gi innspel undervegs i prosjektarbeidet, og dei har eit ansvar for å snakke på vegne av også dei yngste barna.

 

Spørsmål 3:

Korleis har vi tenkt å gi barna en så god oppvekst og opplevelse med Sauda at de i såfall ønsker å flytte tilbake hit etter videreutdanning senere i livet?

Svar:

Det er eit  stort og viktig spørsmål. Dette prosjektet kan nok ikkje svare ut heile dette oppdraget. Det handlar i høg grad om saudasamfunnet si evne til å inkludere alle barn og unge i barnehage, skule og fritid, slik at dei har gode minner frå Sauda. Då vil dei gjerne flytte tilbake hit. At alle finn minst ein ven i barnehage og skule, er ein god start for å få folk til å ville flytte tilbake.

I prosjektet vil me finne ut korleis kvaliteten på barnehage- og skuletilbodet er nå, både gjennom å sjå på resultat (tal), og ved at dei tilsette har fått fortalt korleis dei opplever dei greier å gi alle barn og unge eit godt tilbod.

Kva som er ein god oppvekst er det nok ikkje eit felles svar på heller. Barn og unge har, som vaksne, ulike behov og vurdering av kva dei synes er det beste.

 

Spørsmål 4:

Får barnehagebarn og skoleelever mulighet til selv å medvirke. Eller vil all medvirkning skje via foreldre?

 

Svar:

Skuleelevar får høve til å medverke gjennom elevråda. Det er også skuleelevar representert i samarbeidsutvala. I tillegg har elevane i 5. - 7.klasse fått svare på nokre spørsmål via Norconsult. 

Det er store og krevjande spørsmål å ta stilling til for barnehagebarn og yngre elevar, så det er viktig at tilsette og føresette svarar på vegne av barna.

 

Spørsmål 5:

Hva har dere tenkt å gjøre for å forberede ungdommene bedre til prøver og oppgaver i skulen? Hva har dere tenkt å gjøre for å øke trivselen til unge i skulen, og gi dem mer motivasjon til å gjøre det bra?

 

Svar:

Det er viktig at me finn ut korleis me på best muleg måte kan hjelpe alle barn og unge til å meistre skulen og skulesystemet. Om me gjer det på den beste måten i dag, eller om det finnes betre måtar å gjere dette på, håpar me at me kan få svar på gjennom dette prosjektet.

Utover det må det seiast at barnehagar og skular kvar dag jobbar for å bli betre i sitt arbeid. 

 

Spørsmål 6:

Hvordan tenker dere at dere vil gå fram med tanke på å høre hva barn tenker om skolenedleggelser evnt?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 2.

Kompetanse

Spørsmål 1: 

Her i Sauda kommune er det noen enkelte lærere uten kompetanse i de forskjellige fagene. Dere sier at dere håper på folk med bedre kompetanse. Hvordan vil dere få det til?

 

Svar:

Me håpar funn i dette prosjektet kan gi oss gode innspel til kva som kan gi oss barnehagar og skular med god kompetanse og kompetansemiljø i framtida, og korleis me sikrar alle barn og unge lærarar med rett og god kompetanse.

Utover dette blei det i budsjett - og økonomiplan 2024 - 2027 gjort vedtak om å lage ein plan for korleis me skal kvalifisere, rekruttere og behalde lærarar i barnehage og skule. Det er eit arbeid utover dette prosjektarbeidet.

For kommande skuleår 2024-25 ser det litt betre ut for barneskulane, med omsyn til rekruttering av lærarar. Men, me veit det er ei nasjonal utfordring med rekruttering, og det blir jobba nasjonalt med å løyse desse utfordringane.

 

Spørsmål 2:

Ved en omorganisering av lærerstaben (og barnehagelærere) vil man kunne utnytte kompetanse bedre. Kan man da flytte ansatte på tvers av arbeidssted i kommunen?

 

Svar:

Alle tilsette er tilsett i Sauda kommune, og har fått tildelt ein arbeidsstad. Det er mogleg også i dag å flytte tilsette mellom tenestestader, men det skal skje i ein god og involverande prosess.

Me har førebels ikkje starta ein slik prosess.

Det er gitt innspel om at  lærarar i skule bør kunne dele arbeidsdagen sin mellom dei ulike skulane, slik at me sikrar alle fagkompetanse. Det trur me er ei mindre god fagleg løysing.  For dei yngste barna er relasjonar det viktigaste, og å få inn lærarar som berre er i skulen kort tid, før dei skal til neste stad, trur me ikkje vil gi eit godt resultat.

Rammeplan for barnehage og læreplan for skule krev at dei tilsette i kvar barnehage og skule skal ha det me kallar eit profesjonelt læringsfellesskap. Det er dei tilsette i kvar barnehage og skule som først og fremst utgjer “laget rundt barnet.” For at dei skal opptre som eit lag, må dei drive med lagbygging. Det betyr at dei må ha tid til å drøfte korleis det skal vere i den enkelte barnehage og skule, og bli samde om dette. Korleis skal dei skape eit trygt og godt miljø ved barnehagen/skulen? Om eit barn eller ungdom blir utsett for mobbing, må alle dei tilsette vite kva dei skal gjere for å følgje opp dette. For barn og unge sin tryggleik er det viktig at dei tilsette har rimeleg lik grensesetting. Om lærarar i høg grad skal pendle mellom dei ulike einingane, trur me det vil vere vanskeleg å byggje eit lag som opptrer som eit fellesskap. Eit profesjonelt læringsfellesskap skal også kunne samarbeide om faglege opplegg, og bidra til kvarandre si faglege utvikling. 

Kanskje kan ein samanlikne dette med fotball? Sjølv om spelarane held på med same aktivitet, ville det vore vanskeleg å spele for fleire lag, fordi det er ulik kultur og ulik måte å gjer ting på. Ein byggjer laget med sine næraste, så kan ein lære av kvarandre på tvers av lag.

Sauda kommune har erfaring med felles lærar for alle barneskulane tidlegare, i musikkfaget. Å bruke ein lærar sin kompetanse i fleire einingar kan derfor fungere på eit smalare område. Praksis då var at desse lærarane kom i tillegg til dei lærarane elevane hadde relasjon til. 

 

Spørsmål 3:

Hvordan er fremtidsutsiktene mtp nok kompetanse i barnehage og skule dersom det blir som i dag?

 

Svar:

Det er vanskeleg å sei noko om. Det handlar om kor mange som vel å utdanne seg, og kor mange barn og unge me har i barnehagane og skulane.

Det er ei nasjonal bekymring at for få søkjer seg til barnhage- og skulelærarutdanning. Det blir jobba med tiltak for å endre dette. Framtidsutsiktene for Sauda vil derfor vere avhengig av at fleire vel å ta desse utdanningane. 

Kor mange lærarar me treng i Sauda framover, er avhengig av kor mange barn og unge som er i barnehagane og skulane våre.  Snitt for fødselstal i perioden 2017 - 2023 var 38 barn. Grunna tilflytting og mottak av flyktningar har tal barn i barnehagar og skular vore høgare enn fødselstalet. Me må jobbe godt for at fleire skal velgje Sauda som sin buplass.

 

Nærmiljø

Spørsmål 1:

Blir nærmiljø og trygg skolevei ivartatt i alle forslag?

 

Svar:

Me jobbar med prosjektet etter det vedtekne prosjektmandat. I prosjektmandatet er dei ulike faktorane som skal bli utgreidd definert.

Under definisjonen av “kvalitet” er dette nemnt:

“I ei slik barns- beste-vurdering ligg det også at ein må sjå barnehagar, skular og SFO som ein viktig del av barns nærmiljø, og kva effekt ei endring av organisering kan ha for kvaliteten på nærmiljøet til dei barna som har barnehagar og skular i sitt buområde.”

Under definisjonen av “Læringsmiljø” er dette nemnt:

“Læringsmiljøet skal vere helsefremjande, trygt og godt for alle. For barna i skulen inneber også dette skulevegen”

Dermed skal nærmiljø blir svart ut under desse områda.

 

Spørsmål 2:

Blir samfunn/folkehelseperspektivet tatt hensyn til? T.d kort veg til skule/barnehage der ein har mulighet til å gå/sykle i stedet for å kjøre?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 1. 

 

Spørsmål til strukturalternativ og konsekvenser av desse

Spørsmål 1:

Jeg forstår at det koster mer å ta tak i Risvoll som bygg, men med tanke på etterbruk av skolebygg og uteareal osv hadde jeg forventet at et forslag var å legge ned Fløgstad og bygge på Austarheim og Risvoll. Fløgstad er sentrumsnært og kan brukes til mye forskjellig. Hvorfor er det ikke et alterantiv å beholde Risvoll og Austarheim?


Svar:

Det blir belyst i rapporten som kjem kva som gjer at dei ulike alternativ er valt.

 

Spørsmål 2:

Hva skjer med eksisterende bygg ved nedleggelse?

 

Svar:

Dette tar ikkje rapporten stilling til. Det må kome som eit eventuelt etter-/oppfølgingsarbeid. Dette kjem også fram av rapporten.

 

Spørsmål 3:

Viktighet av nærmiljø/tilhørighet - hvordan er dette hensynstatt i vurderingen?

 

Svar:

Oppdraget frå kommunestyret var først og fremst å greie ut organisering av barnehage- og skule jamfør kvalitet i tilbodet. Dei nasjonale sektormål for barnehage og skule er dei styrande for kvalitet. Nærmiljø og konsekvenser for nærmiljø har likevel ei viss vektlegging i vurdering av strukturalternativ. Det kjem fram av rapporten.

 

Spørsmål 4:

Saknar det økonomiske reknestykket på etterbruk av bygg ved eventuell nedlegging av skule eller barnehage.

 

Svar:

Viser til svar over.

Økonomi

Spørsmål 1:

Hvilke økonomiske begrensninger finnes?

 

Svar:

Kommunestyret si bestilling handlar om utgreiing av kvalitet, ressursutnytting, kompetanse, læringsmiljø og utvikling. Økonomi er ikkje grunnlaget for bestillinga. Kommunedirektøren har som del av prosjektmandatet sagt han vil kostnadsrekne dei ulike alternativ. Men, det ligg ikkje som ei avgrensing.

Utover dette har kommunestyret sagt noko om at driftsnivået må ned i Sauda kommune, uavhengig av denne saka. Korleis det vil bli for oppvekst framover på området økonomi, veit me ikkje noko om nå.

 

Spørsmål 2:

Kjem økonomien til å stå i vegen for kvalitet og kompetanse?

 

Svar:

Viser til svar over.

 

Spørsmål 3:

Er ein garantert at sluttresultatet ikkje er styrt av økonomi?

 

Svar:

Det er kommunestyret som vedtek både i denne saka, og budsjett. Administrasjonen kan ikkje svare på vegne av kommunestyret.

 

Spørsmål 4:

Kvalitet i oppvekst er sentralt i prosjektet. Hvor sentralt er økonomi?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 1. 

 

Spørsmål 5:

Blir økonomi tatt med inn i Norconsult sine utarbeidelser?

 

Svar:

I det vedtekne prosjektmandatet kjem det fram at kommunedirektøren vil kostnadsrekne dei ulike alternativ. Norconsult vil kome med innspel på dette området.

 

Spørsmål 6: 

Barnets beste, blir det uavhenging av kostnadane?

 

Svar:

Det blir gjennomført ei skriftleg dokumentert barns beste vurdering. Økonomi er ikkje ein del av denne utgreiinga. Denne utgreiinga vil bli del av saksgrunnlaget.

 

Spørsmål 7:

Pris på Norconsult?

 

Svar:

Kommunestyret vedtok ei ramme på 500.000 kr til bruk av eksterne konsulentar i arbeidet, i samband med vedtak av budsjett -og økonomiplan for 2024 - 2027. Etter den tid blei bestillinga til kommunestyret sendt ut på anbod i ein minikonkurranse, og i samband med vedtak av prosjektmandat kom kommunestyret med nokre ekstra bestillingar som å henta inn og framstilla erfaringar frå andre kommunar og folkemøte. Kostnadane vil derfor bli noko høgare enn dei vedtekne 500.000 kr. Kommunedirektøren kjem tilbake til dette i tertialrapporteringa.

 

Spørsmål 8:

Har ein tenkt over kva større kostnad ein potensielt kan få ved eit eller fleire nybygg?

 

Svar:

Dette er noko som blir kostnadsrekna av Norconsult. Dei ser også på kva investeringsbehov som eventuelt er i dagens bygg.

 

 

 

Framdriftsplan

Spørsmål 1:

Hvordan skal man klare å samle foreldregruppene, eller får inn gode innspill midt i ferien?

Svar: 

Høyringa blir open for alle. Det inneber at det ikkje treng å koma eit samla innspel frå samarbeidsutval og andre. Ein kan sende eige høyringsinnspel. Om det er eit ønske å sende samla innspel, er det i dag både muleg å møtast digitalt, og/eller ein kan samle innspel frå deltakarane digitalt. (E-post, Forms, e.l)  Styrar/rektor er sekretær for samarbeidsutvalet, og kan samanfatte innspela.

Det er lagt opp til ein høyringsperiode på 6 veker mellom 24.juni og 02.august. Det blir gitt god informasjon om når dette blir. I ei så viktig sak trur me mange vil finne tid til å gi eit høyringssvar. 

Det er også verdt å merke seg at saksframlegget om korleis saka som skal ut på høyring skal sjå ut, skal handsamast av ungdomsrådet 27.mai. Så sjølve saksframlegget vil vere klart i god tid før 24.juni. Innspel frå kommunestyret 19.juni kan naturleg endra heile saksframlegget, og/eller det kan koma justeringar. Det blir uansett mogleg å lese seg opp på saka frå slutten av mai.

 

 

Spørsmål 2:

Hvorfor skal en rushe gjennom hele denne prosessen i løpet av noen få måneder, som også inkluderer sommer og ferieavvikling? Det er såpass viktige avgjørelser som skal bli tatt, og da er det viktig å bruke gode tid på dette?

Svar:

Arbeidsperioden i prosjektet går frå januar til september, noko som er 9 månadar. Vi legg vekt på å få inn tankar og meningar frå folk undervegs, vi ventar ikkje heilt til høyringsrunden.  Det gjer også at diskusjonar og engasjement er “på” allereie nå, og ikkje berre i tida rundt at saka skal opp i kommunestyret.  

Kommunedirektøren har i prosjektmandatet uttalt at om det kjem fram behov for meir tid, vil han informere Formannskapet om dette. Det vil bli ei fortløpande vurdering. Sentrale spørsmål i ei slik vurdering blir: Kva er det den ekstra tida kan gi kommunestyret av meir og betre informasjon? Kor mykje tid er nok tid? 

Det er kommunestyret som skal ta avgjerda, og må velgje om dei meinar dei har fått eit godt nok grunnlag for å ta ei avgjerd.

 

Spørsmål 3:

Dette er en stor avgjørelse som vil berøre mange i lang tid fremover, og i og med at dette har vært diskutert i mange runder tidligere og i over flere generasjoner, må vi etter mitt syn sørge for at alle skjønner hva dette innebærer. Hva er det som gjør at en slik stor sak har sånn voldsom “hastverk” nå?

 

Svar:

Viser til svar over.

Kommunestyret gav oss eit oppdrag i samband med budsjett - og økonomiplan i desember-23. I kommunestyremøtet i februar vedtok dei eit prosjektmandat me jobbar etter, som gir ein framdriftsplan. Me held oss til denne.

Det er også viktig å minne om at den avgjerda dei tar, kan innebere at alt blir som før, dvs. ingen endring. Eit av alternativa er at både barnehagar og skular består slik som i dag. Så det er ikkje sikkert at det blir endringar som berører mange i lang tid framover. 

 

Spørsmål 4:

Kan sluttresultatet i saka bli påverka av tidspresset?

 

Svar:

Det er kommunestyret som skal ta den endelege avgjerd i saka, og som må vurdere om dei har eit godt nok informasjonsgrunnlag. Viser elles til svar over.

 

Spørsmål 5:

Det er eit stort press på å gjennomføre kartlegginga på 6 mnd, inkludert sommarferie. Kvifor?

 

Svar:

Viser til svar over. Utover dette har Norconsult sagt dei kan levere sitt oppdrag på innanfor dei gitte tidsrammer. Me held oss til kontrakten med dei.

 

Spørsmål 6:

Er ein sikra at “alle” føresette og tilsette rekk å sei si meining når det er så kort frist på dei forskjellige oppdraga? Vert det isåfall lagt fram for politikarane at ikkje alle har rukket å involvere seg?

 

Svar:

Om det er for kort tid til oppdraga, vil nok vere eit definisjonsspørsmål. Me legg vekt på å gi informasjon/dele bodskapen om det er nå dei må engasjere seg/uttale seg. Det er ikkje muleg for oss å ha kontroll med om alle har rukket å involvere seg. Me har ansvar for å gi tilbod om involvering, og leggje tilhøva tilrette for dette.

Følgjande tilbod om involvering blir gitt barn/unge, tilsette og føresette, med tidsrammer/-fristar:

 

1.Invitasjon til å gi innspel til prosjektmandat:

04.januar 2024: Barnehagane, skulane og fagrørslene får invitasjon til å medverke til å gi innspel til prosjektmandatet. Styrarane og rektorane fekk informasjon før jul om at dei måtte setje av tid til møte i samarbeidsutvala før 12.januar.

12.januar 2024: Frist for å gi innspel til prosjektmandatet. (Kommunestyresak om prosjektmandat.)

 

2. Invitasjon til å medverke til barns beste vurdering og framtidsbilete:

05. mars 2024: Alle barnehagane, skulane og fagrørslene får invitasjon til å medverke til å gi innspel til prosjektarbeidet. Vedlagt invitasjonen fekk dei informasjonsbrev dei blei bedt om å dele med føresette og tilsette. 

22. mars 2024: Frist for elevråd, tilsette og FAU/føresette til å drøfte dei to oppdraga, slik at representantane som sit i samarbeidsutvala kan ta med seg innspela dit. 

12. april 2024: Frist for samarbeidsutvala og fagrørslene til å gi innspel på oppdraget som blei sendt ut 05.mars.

 

3. Spørreundersøking frå Norconsult:

13. mars 2024: Spørreundersøking blei sendt ut til elevråd, tilsette og føresette, via styrar/rektor. Denne blei også oversett til ukrainsk.

22. mars 2024: Frist for å svare på undersøking.

 

4. Gruppeintervju:

21. og 22. mars 2024 blei det gjennomført synfaring og gruppeintervju i alle kommunale barnehagar og barneskulane. Tillitsvalt, verneombod og leiinga møtte konsulentfirmaet til intervju. 

I tillegg blei det i ulike grupper gjennomført intervju med:

SFO-leiar, leiar for bygg og reinhald, IKT, PPT, barnevern, barne- og familieteam, helsestasjon, kommunepsykolog, rådgjevar oppvekst og kommunalsjef.

 

5. Foreldremøte

24.april vert det foreldremøte der Norconsult legg fram informasjon om sine funn kring kvalitet. Føresette får invitasjon til dette.  Det blir også høve til å stille spørsmål i dette møtet.

 

6. Innspel til saksframlegg om høyringsutkast framtidig organisering av oppvekst

Samarbeidsutval og fagrørsler får invitasjon til å gi innspel til saksframlegg om høyringsutkast framtidig organisering av oppvekst. Dette som ei oppfølging av Norconsult sine framlegg. 

Dei kan gi innspel etter 24.april, og fristen for å gi innspel blir 08.mai. Kommuneadministrasjonen lagar eit Forms-undersøking føresette i FAU/barnehage kan sende til alle føresette, slik at dei kan få innspel av desse før samarbeidsutvalet.

Styrarane og rektorane får beskjed i god tid om at dei må ha eit møte i samarbeidsutvala innan 08.mai.

 

7. Folkemøte

11.juni blir det eit folkemøte der Norconsult legg fram sine funn og sine tilråingar for kva Sauda kommune bør gjere på oppvekstområdet framover.

Dette blir annonsert i godt tid.

 

8. Høyring i saka “framtidig organisering av oppvekst”

Høyringsperioden blir 24.juni - 02.august. Det blir gitt beskjed om denne høyringsperioden allereie nå, slik at folk veit om dette.

 

9. Folkemøte

21. august blir det eit nytt folkemøte, der det endelege saksframlegget til “framtidig organisering av oppvekst” blir lagt fram. Det kan vere eit justert framlegg, etter innspel i høyringsrunden. 

 

 

Spørsmål 7:

Hvordan nå alle eg skal representere når fristene er så korte?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 6 og øvrige svar om framdrift. Det skal vere lagt inn godt nok tid til at alle kan nå alle sine representantar.

Me har, som nemnt i spørsmål 6,  også blitt samde med referansegruppa om å bistå med å lage ei Forms-undersøking dei kan sende ut til foreldre etter foreldremøtet 24.april, slik at dei lettare kan nå alle.

Me kan også bistå andre grupper med det same, om det er ønska.

 

Spørsmål 8:

Den korte tiden som har blitt satt på en så viktig sak skaper skepsis til om gruppa faktisk vil ha innspill.

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 6 og øvrige spørsmål, som me håpar får fram at prosjektgruppa verkeleg vil ha innspel undervegs i arbeidet. Det er ikkje uvanleg å vente med innspel heilt til høyringsrunden. Her legg me opp til å få innspel gjennom heile prosessen.

Tidsfristane skal ikkje vere så korte at det ikkje er mogleg å gi innspel på denne tida, slik me vurderer det.

Det kan hende me ikkje har kommunisert godt nok ut korleis fristane eigentleg er, og at det har skapt eit inntrykk av at alle fristane er korte?

 

Spørsmål 9:

Dersom det blir vedtatt å legge ned en skole eller barnehage. Når vil dette skje fra?

 

Svar:

Det kan me ikkje uttale oss om. Det er kommunestyret som gjer vedtak i saka.

 

Spørsmål 10:

Når trer den eventuelle endringen i kraft dersom kommunestyret vedtar endring på sitt møte i september?

 

Svar:

Viser til svar over. 

 

Spørsmål 11:

Kommunestyret  skal ta en avgjørelse 11.september. Da har skole- og barnehageåret startet. Når skal en eventuell endring skje?

 

Svar:

Viser til svar over.

Utover dette kan me sei at det ikkje er vanleg å gjere endringar midt i eit barnehage- og skuleår, av omsyn til både barn, tilsette og føresette. 

 

Spørsmål 12:

Når startar Norconsult prosjektet, og har dei uttalt noko om tidsperspektiv?

 

Svar:

Avtalen med Norconsult blei signert 06.02.24, og dei starta opp arbeidet umiddelbart etter dette. Norconsult har sagt dei skal kunne levere oppdraget innanfor oppgitt tidsramme. Norconsult er med oss i arbeidet heilt fram til folkemøtet 11.juni.

 

Avgjerd

Spørsmål 1:

Dersom det skal bygges ny skole for alle, hvor skal den bygges. Finnes det tomter til det? I så fall, hva med utearealet?

 

Svar:

Det er ikkje del av dette prosjektet å finne slike løysingar. Kommunestyret gjer sitt vedtak om korleis dei vil ha organisering av barnehagar og skular i framtida. Etter det vedtaket blir det bestemt korleis og kven som skal følgje opp  vedtaket, om det medfører endringar.

 

Spørsmål 2:

Står noen arbeidsplassar i fare?

 

Svar:

Det ligg ikkje til grunn for dette prosjektarbeidet at ein skal leggje ned arbeidsplassar.  Arbeidsplassar i barnehage og skule er i høg grad knytt til barne- og elevtal. 

 

Spørsmål 3:

Er uteområdene store og gode nok, både skole og barnehage, dersom endring?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 1. 

 

Spørsmål 4:

Hva er det som vil bli mest vektlagt i forhold til avgjørelsene?

 

Svar:

Det er kommunestyret som avgjer kva dei vil leggje vekt på. Barn/unge, føresette og tilsette blir invitert til medverknad i forkant av at saka om framtidig organisering av oppvekst skal skrivast:

  1. Kva bør me leggja vekt på av dei funn Norconsult har gjort?
  2. Er de noko de saknar i utgreiinga til Norconsult, som bør med i saksframlegget?

 

Utover dette har alle fått invitasjon til å medverke til å sei noko om korleis me ønskjer det skal vere for oppvekst i  framtida (framtidsbilete) og ei barns beste vurdering. Dette blir også del av saka.

Så kva som blir vektlagt i saksframlegget er det mange som vil ha bidrege med innspel til.

 

Spørsmål 5:

Viss noen arbeidsplasser står i fare, har dere tiltak for dem som evnt. mister jobben?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 2.

 

Spørsmål 6:

Dersom det vert ein endring vedtatt i september, vil ein kunne sikre ein god nok prosess for borna som då må flytte skule/barnehage?

 

Svar:

Sjølv om det skulle bli gjort eit vedtak om endring i september, betyr ikkje det at endring skjer med ein gong.  Eit vedtak er berre starten på ein ny prosess, for å realisere vedtaket. Kor lang prosessen blir, avheng av kva dei vedtek. 

 

 

Spørsmål 7:

Hvilke indikatorer vil bli vektlagt på de ulike områdene som skal belyses?

 

Svar:

Kommunestyret har bedt om ei utgreiing på områda kvalitet, ressursutnyttelse, kompetanse, læringsmiljø og utvikling. Alle desse indikatorane blir utgreidd. Kva kommunestyret til slutt vektlegg i si avgjerd, er opp til dei å avgjere. 

Viser elles til spørsmål under informasjonsgrunnlag om korleis barn/unge, tilsette og føresette kan gi innspel til saksframlegget som blir utarbeidd. 

 

Spørsmål 8:

Når skal evnt endring skje?

 

Svar:

Viser til svar på spørsmål 6.

 

Spørsmål 9:

Hvilke muligheter finnes ang kommunale tomter/areal tilrettelagt for bygging/påbygging av skole?

 

Svar:

Det er ikkje del av dette prosjektmandatet å finne ut av. Det må kome som eit oppfølgingsarbeid i etterkant av eit eventuelt vedtak som inneber eit slikt behov.