Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling

Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling

Ein svært avgjerande faktor for kvaliteten på tilbodet i barnehage og skule er dei tilsette sin kompetanse og deira evne til å leggja tilrette for- og motivera til barn og unge si læring og utvikling. 

Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal fremja dette arbeidet. Dette arbeidet skjer i det profesjonelle læringsfellesskap.

Dette arbeidet er del av system for kvalitetsutvikling i barnehage og skule/SFO i Sauda. SFO er del av skule og går inn som del av omtalen av skulebasert kompetanseutvikling. 

Sauda kommune har eit felles system for- og samarbeid med Vindafjord og Suldal kommune i dette arbeidet.

System for kvalitetsutvikling, VISS-kommunane (Vindafjord, Suldal og Sauda)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling inngår som ein del av arbeidet i det profesjonelle læringsfellesskapet. Arbeidet skal vera skreddarsydd kvar barnehage og skule, og dei tilsette skal sjølv vera skreddarane i eit felles arbeid. 

Inkluderande fellesskap skal liggja som overordna målsetting for alt arbeidet som blir gjort. Barn, unge og føresette skal bli involvert i arbeidet. Styrar/rektor skal styra og leia arbeidet.

Partnarskap med høgskulesektoren
  • Nokre år vil barnehagen eller skulen inngå i eit partnarskap med høgskulesektoren. Dette skjer etter plan i det regionale leiarsamarbeidet i NordR skule og KBR nord (nettverk barnehage) og i samarbeidsforum Rogaland.
  • Dei år eininga er med i eit partnarskap, startar dette opp i forkant av fase 1, og vil gjelda alle fasane i kompetanseutviklingsarbeidet.
  • Når partnarskapet med høgskulesektoren blir runda av, held barnehagen/skulen fram med kompetanseutviklingsarbeidet.
Føremål

Føremålet med barnehage- og skulebasert kompetanseutviklingsarbeid:

  • Barnehagen og skulen skal jamnleg vurdera i kva grad organisering, tilrettelegging og gjennomføring av tilbodet medverkar til å nå dei måla som er fastsette i rammeplan for barnehagar, læreplanverket for grunnskulen og kommunale planar og føringar. (Barnehage- og skulebasert vurdering.)
  • Barnehagen og skulen skal driva eit systematisk og kontinuerlig forbetringsarbeid av eige arbeid og organisasjon.
  • Dei tilsette skal utvikla den gode praksis saman. "Slik gjer me det i vår barnehage/på vår skule/i vår kommune!" Det handlar om kva ein gjer i det profesjonelle læringsfellesskap, ikkje om kva den tilsette gjer åleina.
  • Barnehagane og skulane skal jamleg få del i partnarskap og samarbeid med høgskulemiljø og/eller anna kompetansemiljø for å få hjelp til å utvikla den beste og forskingsbaserte praksis. Høgskulemiljøet får via partnarskapet del i erfaringsbasert kompetanse.
Dokumentasjon av arbeidet

Det barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingsarbeidet skal dokumenterast. Følgjande område skal vere dokumentert:

  • Plan for kompetanseutviklingsarbeidet: 
  • Plan for fellestid/utviklingstid: 
    • Kvar eining skal ha ein plan som viser kva tid ein skal jobba saman om kompetanseutviklingsarbeidet.
    • Av planen må det også koma fram kva tid ein skal evaluera arbeidet.
  • Plan for involvering av barn/unge og føresette:
    • Det må også liggja føre ein plan som viser korleis ein vil involvera barn/unge og føresette undervegs i arbeidet.
    • T.d møteplan med tema for FAU, SU, elevråd e.l.
  • Dokumentasjon av prosessar og involvering:
    • Det blir skrive referat frå alle møte der involvering, refleksjonar og drøftingar i dei ulike fasane kjem fram.
    • Det kjem også fram av dokumentasjonen korleis ein har fulgt opp ulike innspel som kjem fram av tidlegare referat.
    • Dokumentasjonen skal kunne bli lagt fram ved t.d tilsyn, ekstern vurdering m.m.
Samhandling i lærande nettverk
  • Tilsette i barnehagar, skular og utdanningsadministrasjonen deltek i ulike lærande nettverk gjennom året, både kommunalt og interkommunalt.
  • Desse kjem i tillegg til dei lærande møte i kvar eining.
  • Føremålet med lærande nettverk er felles kompetanseløft, gjennom erfarings- og kunnskapsbasert deling.

 

 

Årshjul for arbeidet

Årshjulet blir tilpassa partnarskap med høgskule eller andre samarbeidspartar. 

 

Fase 1: Overordna mål
  • Som ei oppfølging av nasjonale og kommunale styringsdokument skal kompetanseutviklingsarbeidet til eininga alltid styrkje arbeidet med personleg, sosial og læringsmessig inkludering av alle barn og unge. 
  • Dei nasjonale målsettingane for "Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis skal bli innfridd bl.a som del av arbeidet med barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling. 
  • Eininga skal velgja seg eit mål - eit område -  for arbeidet sitt som er forankra i rammeplan/læreplan.

 

Involvering:

  • Barn/unge, føresette og tilsette skal bli involvert i prosessen med val.

 

Dokumentasjon:

  • Det overordna mål blir valt ut frå felles refleksjon og drøfting over kva barnehagen/skulen har behov for- og ønskje om å ha som utviklingsområde.
  • NB! Prosessen blir dokumentert gjennom referat frå ulike møte som viser refleksjonar, vurderingar og involvering.
Fase 2: Analyse og mål

Samla analyse:

  • Ein gong årleg, i perioden mellom januar - mars, skal barnehagen/skulen gjennomføra ein samla analyse av eininga.
  • Til grunn for arbeidet ligg referat frå dei analysar og vurderingar som er gjort av observasjonar, undersøkingar og prøvar tidlegare i barnehage- og skuleåret. 
  • Ståstadsanalysen på Udir.no er gir nyttig informasjonsgrunnlag.

 

Spørsmål til analysearbeidet:

Del 1: FUNN (fakta)

  1. Kva viser resultata av positive funn?
  2. Kva viser resultata av mindre positive funn? 

 

Del 2: ANALYSE (vurdering):

  1. Kva har me av praksis som kan ha gitt dei positive funn?
  2. Kva har me av praksis som kan ha gitt dei mindre positive funn? 

 

Konklusjon ut frå den samla analysen:

A. Partane blir samde om eit mål dei vil jobba for å nå i sitt eige forbetringsarbeid.

eller

B. Har eininga allereie eit mål dei jobbar mot skal dei ut får analysen vurdera:

1. Er det behov for å jobba meir med tiltak for å nå mål på dette området? (Held fram med same kompetanseutviklingsplan)

eller

2. Er det behov for å justera/spissa det valte satsingsområdet? (Justerer kompetanseutviklingsplan)

eller

3. Har ein nådd dei oppsette mål, og ønskjer å retta blikket mot nye satsingsområder? (Ny kompetanseutviklingsplan)

Involvering:

  • Barn/unge og føresette skal bli involvert i prosessen. Dei skal få uttala seg om kva dei opplever fungerer godt, og mindre godt av dagens praksis på området.
Fase 3: Beskriving av nå-situasjonen - utfordringsbiletet

Kvifor er det behov for ei utvikling/endring?

  • kollegiet skal beskriva nå-situasjonen på det valte utviklingsområdet, basert på informasjonsgrunnlaget frå fase 2.
  • Dette kan bli beskrive som eit "utfordringsbilete" - kva er grunnlaget for at ein ønskjer endring/utvikling på dette området?
    • Utfordringsbiletet må bli beskrive slik at det gir alle ei forståing for kvifor det bør skje endring på det valte området. Motivasjon for endring.
  • Beskrivinga skal vera mest mogleg faktabasert, basert på kunnskapsgrunnlaget i analysefasen.
  • Beskrivinga skal ta utgangspunkt i barn og unges utbyte av av tilbodet, jmfr. rammeplan og læreplan. 

 

Involvering:

  • Barn, unge og føresettes perspektiv skal også inngå som del av beskrivinga.

 

Dokumentasjon:

  • Prosessen blir dokumentert. 
Fase 4: Analyse av oppretthaldande faktorar

Kva opprettheld utfordringsbiletet?

  • For å få til varig endring, er det viktig å finne ut kva som opprettheld den praksis ein ønskjer å endra/vidareutvikla.
  • Dette kan ein finne ut ved å bruka pedagogisk analyse: Kva er det som opprettheld praksis slik den er i dag? 
    • Dei oppretthaldande faktorane blir også ei beskriving av nå-situasjonen, del av utfordringsbiletet.
  • I BTI-rettleiar kan du finne verktøy som hjelper til med pedagogisk analyse. 
  • Pedagogisk analyse av dei oppretthaldande faktorane er også ei hjelp for å finne meir treffsikre tiltak. Tiltaka må redusera og/eller fjerna dei oppretthaldande faktorane.

 

Involvering:

  • Barn/unge, tilsette og føresette skal få koma med innspel til kva som opprettheld praksis.

 

Dokumentasjon:

  • Prosessen blir dokumentert. 
Fase 5: Framtidsbilete - måloppnåing

I eit framtidsbilete skal de beskriva korleis de ønskjer praksis skal vera når de har fått meir kompetanse på dette området. Framtidsbiletet er gjerne to-delt:

1. Framtidsbilete som fortel korleis ønska situasjon er på området:

  • Ut frå mål som er sett skal ein laga ei eller fleire setningar som beskriv korleis situasjonen er når mål er nådd.
  • Framtidsbiletet skal vera knytt til barn og unges utbyte av tilbodet (måloppnåing), jmfr. mål i rammeplan og læreplan på valt område.

2. Framtidsbilete som viser ønska måloppnåing: (Korleis vite om mål er nådd.)

  • Ved å ta utgangspunkt i utfordringsbiletet i fase 3, kan ein setja opp eit framtidsbilete.
    • Korleis vil eininga tal, observasjonar, opplevingar m.m skal vera endra når mål er nådd?
  • Barn/unge, tilsette og føresette skal enkelt kunne samanlikne resultat med framtidsbiletet for å sjekke ut om mål er nådd.

Involvering:

  • Barn/unge, føresette og tilsette skal vera involvert i å beskriva framtidsbiletet.

Dokumentasjon:

  • Prosessane blir dokumentert i referat.
Fase 6: Tiltaksfase

Gjennomføring av tiltak: 

  • Tiltak blir valt ut frå kva som kan redusera og/eller fjerna ein oppretthaldande faktorar. Nokre gonger er det naturleg å sjå oppretthaldande faktorar samen, eit tiltak kan treffa fleire av dei.
    • Når ein har fått fjerna/redusert ein/fleire oppretthaldande faktorar, går ein vidare til ny(e) oppretthaldande faktor og finn tiltak som kan fjerna/redusera denne/desse.
  • Det er viktig å prøva ut eit/få tiltak om gangen for å kunne evaluera kva som gir effekt.
  • Evaluering må også omfatta kva ein gjer vidare. Det er 3 moglege utfall av evalyering:
    • Skal tiltak bli varig del av barnehagen/skulen sin praksis? Dette skal då inngå i barnehagen/skulen sitt internkontrollsystem.
    • Skal ein justera noko på tiltaket, og gjennomføra ein ny utprøvingsperiode? (Deretter ny evaluering.)
    • Skal ein avslutta tiltaket, fordi det hadde ikkje ønska effekt?

 

Kompetanseauke som følgesvenn til tiltak:

  • Tiltak rettar mot barn/unge og kompetanseauke som fører til auka kvalitet på gjennomføring av tiltak, skal vera som "hand i hanske" i utviklingsarbeidet.
    • Dette kan t.d bli organisert som lærande møte innanfor tema.
  • Barnehagen/skulen kan få tilført kompetanse t.d ved:
    • å ta i bruk kompetansepakkar på Udir.no
    • samarbeid med PPT ved bruk av kurskatalogen dei har.
    • lesa felles litteratur.
    • partnarskap med høgskule/universitet e.l

 

Involvering:

  • Barn/unge, føresette og tilsette skal vera involvert i arbeidet.
  • Det er viktig at alle partar bidreg med tiltak slik at ein får større effekt av innsatsen.

 

Dokumentasjon:

  •  Referat frå prosessarbeidet kring val og evaluering av tiltak.

 

Fase 7: Dialog med barnehage- og skuleeigar

 

  • Eigar vil 1-2 gonger årleg ha dialog med kvar eining om effekt av kompetanseutviklingsarbeidet og anna arbeid.
  • Dialogmøtet skal bidra til å styrkja kompetanseutviklingsarbeidet i kvar eining, i tillegg til å gi eigar informasjon. 
  • Informasjon i desse dialogmøta inngår som del av kommunenivå sitt arbeid med å følgja opp kvalitetsutvikling i barnehagane og skulane, ekstern vurdering.
  • Informasjonen blir også brukt som del av kvalitetsmelding for barnehage og skule, i ei evaluering av arbeidet.
  • Kvalitetsmeldinga, og dermed kompetanseutviklingsarbeidet, følges opp i økonomiplanarbeidet og anna planarbeid for kommande år.