Varsla

Varsla

Alle tilsette har ei varslingsplikt ved kjennskap til eller uro for om barn/unge har eit trygt og godt miljø. Det er ei skjerpa varslingsplikt om det er tilsette som krenkjar barn/unge. 

Varslingsplikta (både ordinær og skjerpa) gjeld dei som er tilsett ved barnehagen/skulen og tilsette i PPT, helse/velferdstenester, eller andre tilsette. (Reinhald, vaktmeister m.m.)

  • Kva som er varslingsgrunnlag kjem fram av kollegiet sine årlege drøftingar frå temaboks 1: "Definisjon." Desse er dokumentert i internkontrollsystemet.
  • Du har same varslingsplikt om det er du som oppdagar dette, eller andre fortel dette til deg.
  • Eit lite trygt og godt psykososialt miljø kan definerast som eit avvik frå ulike lovkrav om barn, unge og/eller tilsette sin rett til å ha eit trygt og godt miljø i barnehage/skule. Du kan melda frå munnleg om dette, eller melda skriftleg avvik via internkontrollsystemet. NB! I eit avvik skal ingen namn/personsensitiv informasjon bli skrive, kun beskrive avviket. 
  • Link til å melde avvik for tilsette i Sauda kommune. 
  • Til den skjerpa varslingsplikta kan ein melda frå munnleg, eller bruka skriftleg varsel i internkontrollsystemet.
  • Link til varsling for tilsette i Sauda kommune.
    • Du kan velgja å varsla med namn eller anonymt.
    • Du kryssar av styrar/rektor som mottakar av varsel, evnt. kommunalsjef om varsel gjeld styrar/rektor. 
  • Brakamoen barnehage SA har eigne avvik- og varslingsrutinar. Styrar har ansvar for at alle tilsette (interne og eksterne) er kjend med desse.
  • Viktigare enn kva måte ein melder frå på, er at ein melder frå!
  • Tidspunkt for når styrar/rektor skal bli varsla må bli vurdert i den konkrete saka. Omsynet til barn/unge sitt beste skal liggja til grunn for ei slik vurdering.
  • Gjeld varselet ein tilsett som jobbar ved barnehagen/skulen, skal den tilsette varsla styrar/rektor STRAKS.
  • Opplever den tilsette at munnleg varsel ikkje har blitt fulgt opp innan rimeleg tid, kan ein sende same varsel skriftleg.

Meir om varsling til ulike partar: 

Varsla styrar/rektor
  • Styrar/rektor skal bli varsla i saker der det er uro for korleis barn eller ungdom har det i kvardagen. 
  • Den tilsette skal varsla styrar/rektor så snart råd er. Den tilsette kan ha gjort nokre undersøkingar slik at saka er godt belyst når ho blir lagt fram. (BTI-rettleiar nivå 0.)
  • Har du fått ei vidarevarsling, t.d frå andre barn/unge, føresette, helsesjukepleiar, PPT eller andre støttetenester, skal ta kontakt med styrar/rektor.
  • Gjeld uro du har handlingar eller haldningar styrar/rektor har vist, skal du varsla kommunalsjef.
  • Kva som er best for barn/unge skal vera eit grunnleggjande omsyn i alt arbeid, også varsling.
Varsla føresette
  • Den tilsette skal varsla føresette, etter å ha snakka med styrar/rektor.
  • NB! Tilpassa alder skal barn/unge som hovudregel vera informert før du tar kontakt heim.
  • Føresette til både den som opplever eit utrygt miljø, og den/dei som skapar dette, bli kontakta.
  • Føresette skal bli involvert i og informert om det vidare arbeid.
  • Gjeld uro eit miljø i gruppe eller klasse, skal føresette i gruppa/klassen få skriftleg informasjon om situasjonen. Informasjonen skal bli gitt på ein måte som ivaretek personvern. 
Varsla overordna nivå
  • Styrar/rektor skal varsla kommunalsjef i alvorlege saker. Døme på alvorlege saker kan vera at fleire barn/unge er involvert i mobbing av eit barn/ungdom, at barnehagen/skulen har jobba med saka over tid utan å ha funne ei løysing, digital mobbing på tvers av skular, grove truslar o.l.
  • Styrar/rektor skal også varsla kommunalsjef om det er relasjonar som gjer han/ho inhabil i saka.
  • Kommunalsjef skal varsla rådmann om det er relasjonar som gjer kommunalsjef inhabil i saka.
  • Styrar/rektor skal vidarevarsla kommunalsjef ved varsel om tilsette som krenkjar barn/unge.
  • Ved bruk av skriftleg varsel blir alltid kommunalsjef informert ved at han/ho får kopi.
Slik går du fram for å varsla ved skjerpa varslingsplikt

Det er krav til å ha ein fast framgangsmåte for korleis tilsette skal varsla ved skjerpa aktivitetsplikt. Om den tilsette føler seg trygg nok på sin kollega kan den tilsette be om ein prat før vidare varsling.  Der bør den tilsette fortelja kva han/ho opplevde som krenkjande for barn/unge, og informera om den skjerpa varslingsplikta som vedkommande har. Den som blir kontakta skal ikkje gå i forsvar, men kan gjerne forklara kva som hendte.

Kva som gir skjerpa varslingsplikt kjem fram av drøftingane kollegiet har hatt, jmfr. temaboks definisjon.

NB! Ein slik dialog fritek ikkje den tilsette for varslingsplikta.

 

Varsling ved skjerpa aktivitetsplikt: 

Varsling skal skje STRAKS etter ein er kjend med den/dei krenkande hendinga/-ne. Straks inneber utan unødig opphald! 

Varsling kan skje på to måtar:

  1. Be om eit møte med styrar/rektor og gi ei beskriving av tilhøvet. Styrar/rektor skal dokumentera varselet. 
  2. Send skriftleg varsel via internkontrollsystemet Compilo. Det skriftlege varselet går til næraste overordna leiar, med kopi til kommunalsjef. 

Vidare-varsling: 

  • Styrar/rektor skal informera overordna om varselet.
  • Dette skal skje FØR undersøkingar startar.
  • Varsel som gjeld styar/rektor skal sendast overordna leiar, kommunalsjef.
  • Varsel som gjeld kommunalsjef, sendast til rådmann.
Dokumentasjon
  • Styrar/rektor (el. overoverordna) skal dokumentera motteke varsel.
  • Styar/rektor skal dokumentera:
    • Kven varsla? (Det er mogleg å varsla anonymt.)
    • Dato for varsel.
    • Dato for varsel til eigar (kommunalsjef).
    • Korleis blei det varsla.
    • Kva varselet gjeld - bakgrunn for varselet
  • Som ei oppfølging av varselet skal styrar/rektor sikra at barn/ungdom og føresette får skriftleg, god og klar informasjon som viser at barnehagen/skulen tar saka på alvor, og kva som er vidare prosess for å sikra barn/ungdom eit trygt og godt miljø.
  • Det som handlar om personaloppfølging skal ikkje bli lagra i eleven si mappe.
  • Den tilsette det er varsla om, har rett til å få tilsendt all dokumentasjon i saka.