Om Ung Kraft fondet

Om Ung Kraft fondet

Ung Kraft fondet er eit lokalt samarbeid mellom oppvekstsektoren,  Sauda næringsutvikling KF og næringsliv i Sauda.

Tilsette i barnehagane og skulane våre kan, med sterk involvering av barn og unge, søkja om midlar frå fondet.

Målet er å inspirera barn og unge i barnehagar og skular til å ta fram dei skapande og kreative evner, for å bidra til trivsel og læring for eit levedyktig samfunn.

Samarbeidet skal inspirera til nytenking og entreprenørskap for alle involverte partar og øvrig samfunn, slik at nye idear kan omsetjast til handling. (Frå læreplanen LK20). 

Særleg skal det leggjast vekt på at samarbeidet bidreg til ei meir berekraftig utvikling, ved at det fremjar verdiar, haldningar og praksis for meir berekraftige samfunn. (Frå Rammeplan for barnehagen)

Vidare skal samarbeidet inspirera barn og unge til å vera nysgjerrige, til å oppdaga og skapa. (Frå læreplanen LK20). 

Barn og unge skal via samarbeidet erfara demokrati i praksis, ved at dei blir lytta til, har reell innflytelse og kan påverke det som gjeld dei. 

Dei skal erfare at deira stemme blir høyrt, og at det hjelper dei til å ta eigne medvitne val for her- og nå, og for framtida. (Frå læreplanen LK20.)

Tiltaket skal vere eit lågterskel-tiltak.