Barn med behov for ekstra støtte

Barn med behov for ekstra støtte

Nokre barn vil ha behov for støtte som går utover det allmennpedagogiske tilbodet i barnehagen. Det kan vere behov for spesialpedagogisk hjelp, skyss, eller tilrettelegging av barnehagetilbodet på grunn av nedsett funksjonsevne.

Spesialpedagogisk hjelp

Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) undersøker om barn kan ha behov for ekstra hjelp i barnehagen. Du som føresett kan ta kontakt med pedagogisk leiar i barnehagen, om du er bekymra for ditt barns utvikling.

PPT gir råd og støtte til barnehagene, og for barn med særlege behov kan dei utarbeide sakkunnig vurdering. Du kan lese mer om PPT her. 

Spesialpedagogisk hjelp er ein individuell rett, eit hjelpetilbod barnet treng for å kunne ha ei tilfredsstillande utvikling.  

Skyss

Barnehagelovens §36 gir rett til gratis skyss dersom slik skyss er naudsynt for å motta hjelpa. Retten til skyss er når barnet av særlege grunner har eit naudsynt behov for dette. Naudsynt behov foreligg når føresette har vesentlig større byrder knytt til skyss enn andre føresette som har barn i barnehage. Barnet har rett til naudsynt reisefølge og tilsyn.

Tilrettelagt barnehagetilbod

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit tilrettelagt barnehagetilbod.  Målet med individuell tilrettelegging er at barnet kan nyttiggjere seg det ordinære barnehagetilbodet på lik linje med andre barn i barnehagen. Barnet må ha ein varig svekka funksjon, samanlikna med andre barn.  Tilrettelegginga handlar om å byggje ned barrierer i omgjevnadane, som hindrar at barna får delta i tilbodet. Eit tilrettelagt barnehagetilbod er ikkje eit spesialpedagogisk tilbod.

Det er ikkje eit krav til at barnet må ha ein diagnose for å få ei tilrettelegging av tilbodet. Tilrettelegging av barnehagetilbodet kan handle om rettleiing, utstyr, materiell, eller bygningsmessige endringar. Det kan også vere ei tilrettelegging innanfor det ordinære barnehagetilbodet, til dømes gjennom måten barnehagen organiserer innhald og bemanning på gjennom dagen. Eit tilrettelagt tilbod kan også innebere ekstra bemanning.

En føresetnad for å få eit tilrettelagt barnehagetilbod er at barnet må ha bustadsadresse i Sauda, og ha plass i ein barnehage i Sauda. Barnet kan miste sine rettar om de velgjer å ha barnehageplass i ein annan kommune enn den de er busett i. 

Føresette må be om ei tilrettelegging av barnehagetilbodet. Vi ber om at dette blir gjort ved å bruke søknadsskjema under. Søknaden må innehalde ei begrunning for kvifor føresette meinar barnet har behov for tilrettelegging, for å kunne delta i barnehagetilbodet på lik linje med andre barn. Det må leggjast ved dokumentasjon på barnets nedsette funksjonsevne. Denne kan komme frå lege, fysioterapeut, ergoterapeut, barnevern, eller andre som er i saka. Barnehagen skal gjere ei vurdering av informasjon i søknad,  og gjere reie for kva som allereie er gjort for barnet. Basert på den samla informasjonen skal dei gjere ei vurdering av om barnet har behov for ei tilrettelegging, eller ei.

Denne vurderinga skal koma frem av eit skriftlig enkeltvedtak som konkluderer med om barnet har rett til, eller ikkje rett til, eii tilrettelegging av barnehagetilbodet.  Føresette kan klage på enkeltvedtaket. Første klageinstans er den instans som har utarbeida enkeltvedtaket. 

 

Søknadsskjema tilrettelegging av barnehagetilbudet (skjema kommer)