Prosjektmandat

Prosjektmandat

Det er utarbeidd eit prosjektmandat som gir informasjon om prosjektet.  Det er kommunestyret som godkjenner prosjektmandatet. 

Prosjektmandatet skal sikre at prosjektgruppa har forstått kommunestyret si bestilling rett, slik at me leverer ei endeleg sak som er i tråd med den informasjonen kommunestyret ønskjer.

Prosess fram til godkjenning av endeleg prosjektmandat:

04.01.2024:

Versjon 1 av prosjektmandat blir sendt samarbeidsutval og fagrørsler for innspel. (PDF, 345 kB)

 

12. januar 2024:

Frist for innspel til versjon 1 av prosjektmandat. Samarbeidsutvala i barnehagane og skulane, samt fagrørsler er partar som kan gi innspel til utkast til prosjektmandat. (Versjon 1)

Sakshandsamar justerer prosjektmandatet basert på frå innkomne innspel og lagar ein versjon 2, som blir lagt fram for politiske råd og utval.

 

18. januar 2024:

Skrivefrist for politisk saksframlegg  om prosjektmandat  for prosjektet “Framtidig organisering av oppvekstsektoren.”

Kommunestyresak framtidig organisering av oppvekst

 

Januar/februar: 

Kommunestyret skal handsama framlegg til prosjektmandat. Dei kan godkjenne det slik det ligg føre, eller vedta endringar i prosjektmandatet.

Handsaming av politisk sak om prosjektmandatet: 

  • 29. januar Ungdomsrådet
  • 30. januar Funksjonsnedsettes råd
  • 07. februar Formannskapet
  • 21. februar Kommunestyret

 

Februar: Endeleg prosjektmandat:

(Lenkje til dette kjem etter kommunestyret si handsaming av saka)