Søknad og søknadsprosess

Søknad og søknadsprosess

Barnehagane og skulane kan søkja om midlar frå fondet som ei eining, eller det kan koma fleire søknadar frå same eining.

Søknadsfrist:

Det er to søknadsfristar i kvart barnehage- og skuleår:

15. september

15. februar

 

Kva kan ein søkje om midlar til?

Ung Kraft fondet er eit lågterskel-tiltak. 

Oversikt over kva som kan gi stønad er ikkje uttømmande. Det viktigaste er at det fremjar målsettingane. 

  • Lokalt utvikla særskilte tiltak, program, turnering, forsøk/utprøvingar m.m. 
  • Sauda Micro:Bit Challenge
  • Tilskot til bruk av ulike programmer i Ungt entreprenørskap
  • Bruk av Nysgjerrig-Per.
  • Deltaking i  First Lego League discover (4-6 år) 
  • Deltaking i First Lego League Explore (6-9 år)  
  • Deltaking i  First Lego League Challenge (10-16 år)
  • Deltaking i særskilte tiltak, program, turneringar, utvikla av andre aktørar.

 

Ung Kraft fondet gir ikkje stønad til bemanning, og/eller andre tiltak som er rekna som del av den ordinære drifta. 

 

Kven kan søkja:

Ein tilsett (over 18 år) må alltid stå som ansvarleg søkjar. Barn/unge kan ta initiativ til, og forfatta søknad. Ein tilsett må sende inn.

Det treng ikkje å vere leiar.

 

Kor mykje kan ein søkja om?

Det er ingen øvre sum, og ingen nedre sum. Utbetaling blir styrt av kor stort fondet til ei kvar tid er. 

For 2024 er fondet per dato på 110.000 kr.

Ein kan få tildelt heile- eller deler av søknadsbeløpet.

 

Korleis søkje?

Link til søknadsskjema

Alle felt må vere fylt ut.

Her kan de sjå det som skal svarast ut i søknadsskjema. (PDF, 139 kB)

 

Kven avgjer søknadane?

Det er styret i Sauda næringsutvikling KF som vurderer søknadane, og avgjer kven som får støtte.

 

Kva blir lagt vekt på i vurdering av søknadane?

  • Grad av barn og unge si involvering og eigarskap til tiltak og prosess.
  • Korleis bidrar tiltaket/aktiviteten til å nå målsettingane for Ung Kraft Sauda? 
  • Kan dette tiltaket utviklast vidare, og/eller bli ei fast ordning i eininga?
  • Har tiltaket overføringsverdi til andre i eiga eining, og/eller andre einingar, eller øvrig samfunn?
  • Korleis skal ein formidle til andre det ein gjer/får til? 
  • God plan for arbeidet; frå planlegging, til gjennomføring og evaluering.

 

Når får de svar på søknad? 

Styret i Sauda næringsutvikling KF handsamar søknadane i første styremøte etter søknadsfrist.

Alle får svar på sin søknad. Dei som får avslag, kan søkja på ny i neste runde.

 

Sluttrapport

Når arbeidet er gjennomført  skal det sendast ein kort rapport til styret i Sauda næringsutvikling KF.

Rapporten skal, gjennom tekst og gjerne bilete, vise kva de har oppnådd gjennom arbeidet.

Rapporten skal kunne delast på Sauda kommune sine heimesider.

I rapporten skal det koma fram eit rekneskap som viser korleis tildelte midlar er brukt.