Innspel til saksframlegg

Innspel til saksframlegg

Prosjektgruppa ber medverknadsaktørar om innspel til det endelege saksframlegget.

Det er gitt innspel til prosjektarbeidet på følgjande område:

 

Barns beste vurdering

I ei barns beste vurdering skal ein VURDERE - VEKTE - VISA (VVV). Ei slik vurdering skal bli gjennomført for alle avgjerder som vedkjem barn og unge. (Barnekonvensjonen art. 3, Grunnloven § 104, Lov om barnehage og Lov om grunnskule)

I ei vurdering av ulike innspel, skal ein vekte dei ulike innspel opp mot kvarandre. Kva skal telje mest i ei endeleg avgjerd? Lovkrav vil alltid telje meir enn eit ønskje.

Ein skal kunne vise, dvs. dokumentere barns beste vurderinga som er gjennomført. Denne vil bli del av saksgrunnlaget.

Vedlagt er innspel frå samarbeidsutval og fagrørsler til barns beste vurdering. Desse innspela er ein del av eit breiare vurderingsgrunnlag i denne barns beste vurderinga. 

(Me beklagar noko dårleg lesekvalitet. Me tilrår å blåse opp storleik.)

Innspel til Barns beste vurdering (PDF, 638 kB)

 

Framtidsbilete

Eit framtidbilete beskriv ein ønska situasjon. I denne saka har me sett det som viktig å få innspel til kva barn/unge, førsette og tilsette ønskjer.  I tillegg må eit framtidsbilete ta omsyn til kva nyare forsking seier er det beste, og kva som er lovkrava. 

Tilsvarande lagar Norconsult eit nå-bilete, eit bilete som beskriv tilstand og situasjon i barnehagane og skulane nå.

Eit viktig arbeid blir å analysere gapet mellom nå-biletet og framtidsbiletet.  Om det er liten/ingen skilnad mellom desse to bileta, er det eit teikn på at den situasjonen me har nå er god. Om det er ein stor skilnad mellom desse to bileta, kan det vere grunnlag for å foreslå endringar. 

Vedlagt er innspel frå samarbeidsutval og fagrørsler til framtidsbiletet. 

(Me beklagar noko dårleg lesekvalitet. Me tilrår å blåse opp storleik.)

Innspel til framtidsbilete (PDF, 594 kB)

 

Saksframlegg “Høyring framtidig organisering av oppvekst”

Det skal skrivast eit saksframlegg som skal handsamast av ungdomsråd, råd for funksjonsnedsette, Formannskap og Kommunestyret. Saksframlegget gir aktuell informasjon og viser korleis høyringa er planlagt gjennomført. Kommunestyret er dei som endeleg skal ta stilling til om saka kan sendast på høyring.

For å skrive saksframlegget har me bedt om innspel frå samarbeidsutval, fagrørsler og aktuelle støttetenester til kva dei meinar må løftast fram i saka, basert på Norconsult sine funn og vurderingar. 

Me har også bedt om innspel til kva dei opplever er manglar i det Norconsult har presentert, som bør kome fram av saka.

Innspel til saksframlegg “Høyring framtidig organisering av oppvekst" (PDF, 415 kB)