Framtidas oppvekst - rapport barnehage
Kommunestyret vedtok 11. september 2024 prinsipp og føringar for vidare utvikling av barnehagesektoren i Sauda. Som del av dette arbeidet har konsulentfirmaet AFRY utarbeidd ein rapport om oppgraderingsbehov i dei kommunale barnehagane. Rapporten gir eit fagleg grunnlag for vidare planlegging og investeringsbeslutningar.
Rapport - moglegheitsstudie oppgradering av barnehage (PDF, 3 MB)
Vedlegg:
1: Generelt romprogram (PDF, 123 kB)
2: Romprogram Leabøen barnehage (PDF, 166 kB)
3: Romprogram Veslefrikk barnehage (PDF, 164 kB)
4: Romprogram Rustå barnehage (PDF, 189 kB)
5: Romprogram Rustå barnehage, utvidelse (PDF, 161 kB)
6: Kalkyleunderlag Leabøen barnehage (PDF, 831 kB)
7: Kalkyleunderlag Rustå barnehage (PDF, 754 kB)
8: Kalkyleunderlag Veslefrikk barnehage (PDF, 732 kB)
9: Kalkyleunderlag Rustå med utvidelser (PDF, 720 kB)
10: Samlet tabell og kostnader (PDF, 539 kB)
11: FDVU (forvaltning, drift, vedlikehold og utvikling av bygg) (PDF, 785 kB)
Til grunn for rapporten ligg følgjande vedtak i kommunestyret 11.09.2024:
1. Kommunestyret legg til grunn at følgjande prinsipp og føringar vert lagt til grunn for
vidare utvikling av oppvekstsektoren i Sauda kommune:
1.1 Sauda skal ha full barnehagedekning.
a) Det blir laga ein plan for oppgradering av dei kommunale barnehagane jamfør alternativ 0 + for barnehage.
b) Ingen kommunale barnehagar skal over tid ha færre enn 30 barn, av omsyn til robuste fagmiljø. Om barnetalet i framtida blir sterkt redusert, ber kommunestyret kommunedirektøren om å legge frem ny sak for kommunestyret.
c) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å leggje fram ei sak med plan for
oppgraderingar av barnehagebygg, før endeleg investeringsbeslutning. Av planen skal det kome fram kva barnehage som skal få ei tilpassing til å kunne utvide kapasitet, om det er behov for å redusere til to kommunale barnehagar.
d) Kommunestyret ber kommunedirektøren om å gå i dialog med Brakamoen for å greie ut mulighet for å gjøre barnehagen kommunal
e) Om investeringane overskrid dei vedtekne rammer, skal kommunestyret få ei sak der dei tar stilling til om dei vil gå vidare med arbeidet.
f) Kommunestyret ber om oppdatering undervegs i arbeidet.
g) Kostnadar til planarbeid blir innarbeidd i budsjett 2025.
Bilde av Leabøen barnehage i Sauda
Sauda kommune
Veslefrikk barnehage i Sauda
Sauda kommune
Rustå barnehage i Sauda
Sauda kommune
Publisert 17.02.2026 17.02
Sist endret 01.04.2026 17.58